Førsteamanuensis

Inger Auestad

Arbeids- og kompetanseområde

Eg er interessert i korleis menneskeleg aktivitet påverkar natur og miljø, og korleis vi kan forvalte og bruke naturen på ein berekraftig måte gjennom god forvaltning, restaurering og bevaring. I forskinga mi har eg fokusert både på tradsjonelle kulturmarker, på moderne natur i tettstader og langs vegar, og i område som er sterkt prega av menneskelege inngrep; vasskraftpåverka fjellnatur. Eg har arbeidd med vegetasjon på ulike nivå; både landskap, samfunn og populasjonsnivået. Mine forskningsinteresser omfattar:

Grøn infrastruktur - korleis har fortetting av urbane område påverka arealbruk og økosystemtenester i tettstader og deira omgjevnadar (i forskingsprosjektet Surround)
Effekt av klima på skogsvegetasjon og populasjonsdynamikk hos blåbær (studentprosjekt)
Restauerering av steintippar etter kraftutbygging i fjellet (i forskingsprosjektet Release)
Vill vegetasjon i hagar, vegkantar og andre anlegg
Invaderanse fremmande artar - studier av forekomst og spreiing av sitkagran på Vestlandet (i forskingsprosjektet Sitka)

Eg underviser på bachelorprogrammet Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur og på masterprogrammet Climate change management

Underviser i

  • BI424 Grunnkurs i botanikk
  • BI434 Vegetasjonsøkologi
  • ME4-300 Scientific writing, theory of science and data analyses

Forskar på

  • Restaurering av kulturmark og alpin vegetasjon
  • Vegetasjonsøkologi, spesielt i kulturmark
  • Fremmede invaderende arter
  • Populasjonsbiologi
  • Frøbank
  • Vegkantvegetasjon

Utvalde publikasjonar