Instituttleiar

Grete Netteland

Arbeids- og kompetanseområde

Sidan august 2011 har eg vore så heldig å vere instituttleiar for Institutt for samfunnsvitskap (ISV). Instituttet har ein brei studieportefølje, ein master i organisasjon og leiing, bachelorutdanningar i både sosiologi og historie, og tre årsstudium (historie, ungdomssosiologi og samfunnsfag). Sjølv har eg ein variert bakgrunn, ein doktorgrad i informasjonsvitskap, hovudfag i både tysk og informasjonsvitskap, og eit storfag i matematikk. Instituttleiarstillinga kombinerer eg med noko undervisning for masterstudentane våre samstundes som eg er birettleiar for ein av HVL sine PhD-studentar. I heile 13 år var eg knytt til HiSF sitt bachelorstudium i Informasjonsbehandling. Eg har også vore kontorsjef ved HiSF si Avdeling for økonomi og språk og IT-ansvarleg i Sogn og Fjordane fylkeskommune frå 1986-1994.

Forskingsinteressene mine har vore knytt til implementering og bruk av IKT-baserte informasjonssystem i private og offentlege organisasjonar, og til teknologiar for samarbeid, arbeidsdeling, kommunikasjon og læring. Spesielt har eg vore interessert i samhandling mellom menneske, teknologi og IKT-støtta aktivitetar og korleis denne samhandlinga kan vidareutviklast og bidra til læring, forbetring, fornying og endring innanfor og på tvers av organisasjonar. Innføring, bruk av og samhandling rundt teknologi og informasjonssystem studerer eg i ulike kontekstar, mellom anna i utdanning (e-Learning), helse (e-Health) og offentleg forvaltning (e-Government). Forskinga er inspirert av sosiokulturelle perspektiv, aktivitetsteori, teoriar om læring, endring og utvikling av arbeid . Primært har eg brukt kvalitative tilnærmingar, i det siste har eg også gjennomført kvantitative studiar.

Underviser i

  • IKT og teknologi i helse- /velferdssektoren
  • Rettleiar master og PhD
  • Digitalisering - utfordringar og mulegheiter

Forskar på

  • IKT og læring - i utdanning og på arbeidsplassen
  • Teknologi i helse og omsorg
  • Digitalisering av offentlege tenester

Forskargrupper