Arbeids- og kompetanseområde
Eg har arbeidd ved Høgskulen på Vestlandet sidan 2019, og underviser i bachlor i folkehelsearbeid med fokus på kosthald, og i mat og helse på grunnskulelærarutdanninga. Korleis skulemåltid kan verke inn på ernæring og sosial utjamning er eit av mine hovudforskningsområder, og eg er også med i ein studie som ser på læring og elevmedverknad i mat- og helsefaget i grunnskulen. Eg har tidlegare arbeidd innan ernæring tilknytta Universitetet i Bergen/Senter for Ernæring, der forskninga mi hadde hovudvekt på korleis ulike protein- og feittkjelder verkar inn på overvekt og risikofaktorar for hjarte- og karsjukdom.
- Grunnskulelærarutdanninga: Mat og helse
- Bachelor i folkehelse med vekt på fysisk aktivitet og kosthold
- Skulemåltidsordningar for 1. - 4. trinn (SMO1-4) - Evaluering av måltidsorganisering og effekt på kosthald og måltidstrivsel
- Learning Outcome and Transferability of Achieved Skills in the food and health subject (LOTAS)
- Evaluering av gratis skolefrukostordningar i Vestland fylkeskommune
- Evaluering av skulemåltid i Trøndelag og Vestland - Har ein tilrettelagt skulelunsj betydning for ungdomsskuleelevar sin helse og trivsel?