Arbeids- og kompetanseområde
Eg er sosiolog, utdanna frå Universitetet i Bergen. Eg har og utdanning innan arbeids- og organisasjonspsykologi, personalpsykologi, sosialpsykologi, utviklingspsykologi, juss for leiarar, spesialpedagogikk og fleire phd.kurs.
Eg arbeider som studiekoordinator for Tverrfagleg vidareutdanning i psykososialt arbeid med barn og unge, og ved Master i samhandling og folkehelse ved fakultet for helse- og sosialvitskap (FHS).
Eg har fleire års erfaring frå fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI) ved institutt for pedagogikk, religion og samfunnsvitskap (IPRS) og frå fakultet for økonomi og samfunnsfag (FØS) knytt til masterutdanningar - så samarbeid på tvers av fakulteta ved HVL er noko eg brenn for.
Eg har arbeidd som høgskulelektor i utdanningsleiing ved masterprogramma; Master i organisasjon og leiing og Master i læring og undervisning, ved praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)-A og Y) og barnehagelærarutdanning (BLU/ABLU)
Eg har arbeidd med kvalitet- og kompetanse gjennom profesjons- og organisasjonsutvikling i fleire nasjonale ordningar, fyrst og fremst knytt til skule.
Rettleiar og analysepartner i Oppfølgingsordninga/Forfasen på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet - trepartsamarbeid mellom HVL, Statsforvaltaren og kommunar i oppfølgingsordninga.Utdanningsdirektoratet
Utviklings - og analysepartner 1. i Desentralisert ordning for kompetanseutvikling i skulen - DEKOMP Lokal kompetanseutvikling
Koordinator og rettleiar i Nasjonal ordning for rettleiing av nyutdanna lærarar i barnehage og skule - FOS/Midthordland Nyutdannet.no
Eg har lang erfaring som samhandlingsansvarleg og leiar for tverrfagleg team frå kommunal sektor før eg byrja ved HVL, og har brei erfaring som tiltaksutviklar og prosjektleiar knytt til tenester for barn og unge og deira familiar, og tverrfagleg- og tverretatleg samarbeid mellom 1. og 2. linje tenestene.
Eksempel på tverrfaglege- og tverretatlege prosjekt
KOM! Prosjektet - Kvardagsmeistring og motivasjon for å hindre fråfall frå utdanning (Helsedirektoratet).
LOS-prosjektet - Oppfølging og los-funksjon for unge (14-23 år) i særkilt risiko for fråfall frå utdanning (Bufdir).
Miljøterapi i skulen (Helsedirektoratet)
Underviser i
Tverrfagleg vidareutdanning i psykososialt arbeid med barn og unge - masternivå
Master i samhandling og folkehelse - Prosjektplan
Forskar på
- FACT-Ung som samhandlingsmodell- helhetlig og integrerte tenester
- Skulefråfall og livsmeistring
- Trepartsamarbeid i Oppfølgingsordninga
- ZOOM-podkast som studentaktiv læringsform
Forskargrupper
Forskergruppa Samhandling for innovasjon i helse og omsorgstjenestene
Forskargruppa sitt faglege fokus er samhandling og innovasjon for kvalitetsutvikling i helse og omsorgstenestene på ulike nivå
- MS1-307, Masteroppgåve i samhandling og folkehelsearbeid, Høst 2024
- MS1-307, Masteroppgåve i samhandling og folkehelsearbeid, Vår 2025
- MS1-323, Samhandling – brukar og profesjonell hjelpar , Høst 2024
- MS1-328, Prosjektplan, Vår 2025, emneansvarlig
- PSBU101, Psykisk helse hjå barn og ungdom, Høst 2024
- PSBU102, Kompetanse og tenesteutvikling i psykososialt arbeid med barn og unge, Vår 2025
- PSBU103, Organisering og samordning av tenestetilboda til barn og ungdom, Høst 2024, emneansvarlig
- PSBU104, Psykososialt arbeid med barn, ungdom og deira familiar - ulike praksisar, teoriar og etiske dilemma, Vår 2025, emneansvarlig
- PSBU105, Vitskapsteori, metode og etikk, Vår 2025