Førsteamanuensis

Ingrid Laukeland Djupegot

Arbeids- og kompetanseområde

Eg har utdanningsbakgrunn innan ernæring og folkehelsevitenskap, og har ein doktorgrad i matrelatert forbrukeratferd frå 2020. Eg har ei særleg interesse for kosthaldsvalg og matrelatert forbrukeratferd på befolkningsnivå, og synest det er spanande å undersøke korleis miljøet rundt oss påverkar matvala våre. 

Ved HVL er størsteparten av arbeidet mitt knytt til Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet (https://mhfa.no/), der eg blant anna arbeider med skulefaget mat og helse, og mat og måltid i skulen. Eg arbeidar for tida med LOTAS-prosjektet som er et forskningsprosjekt på mat- og helsefaget på ungdomstrinnet. Prosjektet fokuserer blant anna på elevmedverknad og læringsutbytte i mat- og helsefaget. 

Tidlegare har eg jobba mykje med nudging som verkemiddel for å påverke matrelaterte val, samt undersøkt forbrukarar si meining om matrelatert nudging. Eg har også forska på faktorar som påverkar val av ultra-prosesserte matvarer, samt samanhengen mellom tidspress og bruk av ultra-prosesserte matvarer. 



Underviser i

Eg underviser på bachelor i folkehelsearbeid og lærarutdanninga i mat- og helse, samt rettleiar oppgåver på både på bachelor- og masternivå. 

  • Bachelor i folkehelsearbeid med vekt på kosthald og fysisk aktivitet
  • Grunnskulelærarutdanning 1. - 7. trinn
  • Grunnskulelærarutdanning 5.-10. trinn

Forskar på
  • Skulefaget mat og helse, elevmedverknad
  • Forbrukeratferd i ein matkontekst
  • Nudging og valarkitektur

Forskargrupper
Underviser i
  • FHA1112, Bacheloroppgåve, 24/25
  • FHA518, Arenaer for kostholdsarbeid, 24/25, emneansvarlig
  • FHA851, Kunnskapsbasert praksis i folkehelsearbeid , 24/25, emneansvarlig
  • FHA852, Verktøy og metodar i systematisk folkehelsearbeid, 24/25
  • MHE804, Mat og helse 1, emne 2 - Mat og helse som undervisningsfag, 24/25

Publikasjonar

  • Folkehelse og livsmestring i skolen

    Ingrid Laukeland Djupegot, Julie Meinseth Vatne (2024)
  • En studie om matmerkeordningene Nøkkelhullet og Brødskalaen blant norske ungdomsskoleelever

    Ingrid Laukeland Djupegot, Malin Dalsøren Rivedal (2024)
  • Pupil participation in the Food and Health subject

    Ingrid Laukeland Djupegot, Iselin Thowsen Vildmyren, Bodil Bjørndal (2024)
  • En oversiktsstudie av empirisk forskning på det norske skolefaget mat og helse i perioden 2006-2023.

    Ingrid Laukeland Djupegot, Ingfrid Veka (2023)
  • Er brød farlig no igjen?

    Bodil Bjørndal, Iselin Thowsen Vildmyren, Eli Kristin Aadland, Anette Hjartåker, Ingrid Laukeland Djupegot, Julie Meinseth Vatne (2023)
Vis alle
Laster...