Arbeids- og kompetanseområde
Eg er tilsett ved bachelorutdanninga i vernepleie ved Campus Sogndal sidan 2019. Eg er utdanna sjukepleiar ved HVL (2008), har mastergrad i human ernæring frå UiB (2012) og gastroenterologi for sjukepleiarar frå Karolinska Institutet. Eg har yrkeserfaring frå både kommune- og spesialisthelseteneste.
Undervisning og rettleiing
Eg underviser i anatomi, sjukdomslære, farmakologi, legemiddelrekning, ernæring, ferdigheitstrening, kunnskapsbasert praksis og andre helsefaglege tema. Eg brukar ulike undervisningsmetodar som VR, simulering, case-basert læring og jigsaw. Eg rettleiar studentar i bacheloroppgåver og i helsefagleg praksis og har emneansvar for helsefaglege emne.
Forskingserfaring og kompetanse
Gjennom arbeid som forskningssjukepleiar ved den gastromedisinske forskingsavdelinga på Karolinska Universitetssjukehuset i Stockhom, har eg erfaring med koordinering og gjennomføring av store kliniske studiar. For tida forskar eg på tilbakemeldingsprakis og undervisningsmetodar i høgare utdanning, og er intressert i å forska meir på studentars helse.
- VPD200, Vernepleierens helsefaglege kompetanse, Vår 2025
- VPD200, Vernepleierens helsefaglege kompetanse, Høst 2024
- VPD210, Helsefremming og helsehjelp, Vår 2025
- VPD390, Bacheloroppgåve, Vår 2025
- VPDP300, Vernepleie i praksis, Høst 2024
- VPL200, Vernepleiaren si helsefaglege kompetanse, Høst 2024, emneansvarlig
- VPL210, Helsefremming og helsehjelp , Høst 2024
- VPLP100, Praksis - miljøterapeutisk arbeid , Vår 2025
- VPLP200, Helse, miljø og omsorgspraksis , Vår 2025
- VPLP300, Vernepleie i praksis , Høst 2024