Rådgivar

Katrine Sele

Arbeids- og kompetanseområde

Eg jobbar først og fremst med eksternkommunikasjon, og leiar Team for formidling, synlegheit og mediekontakt. Hovudoppgåva mi er å gjere fagfolk og forsking frå HVL tilgjengeleg for folk flest - få fram viktige forskingsfunn og hjelpe forskarar til å løfte stemma si i samfunnsdebatten, løfte fram utdanningane våre og hjelpe leiarar med å få fram viktige bodskap om HVL si rolle i samfunnet.

For tida er eg også rådgivar for universitetsprosjektet.

Her er nokre ting eg kan hjelpe med:

  • Populærvitskapleg formidling, slik som kronikk- og bloggskriving
  • Korleis nå fram med ein viktig bodskap i media
  • Førebuingar til intervju- eller debattsituasjonar
  • Artiklar for forskning.no
  • Kurs i formidling

Elles har eg bakgrunn som avisjournalist og skriver sakprosabøker på si.