Arbeids- og kompetanseområde
Eg byrja i HVL i juni 2019 som stipendiat. Ph.d.-studien er ein sjølvstendig del av "Challenges of Participation" (CHAPAR), eit større forskingsprosjekt. Ph.d.-prosjektet utforskar sosiomaterielle aspekt ved deltaking i Nav. Spørmåla er korleis materielle kontekstar påverkar relasjonar, og korleis materiell kan henga saman med medverknad. Desse spørsmåla set både menneske i brukar- og tilsetterollar i ulike søkelys.
Arbeidstittelen er "Sosiomaterielle vilkår for tenesteyting og deltaking i Nav."
Eg studerte mellom anna sosialantropologi, og er del av fagseksjon bachelor i sosialt arbeid. Frå 21.09.2023 til no arbeider eg som høgskulelektor.
Underviser i
Sosial arbeid som fag og profesjon
Grunnlagskunnskap i sosialt arbeid
Praktisk sosialt arbeid i velferdstenestene
Praksis 3. studieår.
Bacheloroppgåve
Ut i verden: Tverrprofesjonelt samarbeid på tvers av landegrenser
Forskar på
Sosiomaterialitet kan famna felt av og mellom menneske, materiell og stadar. Rusutfordringar er ein fellesnemnar for studien, der brukarar og tilsette i Nav snakkar om sine opplevingar og meiningar. Måla er å analysera brukarmedverknad og relasjonar i Nav frå desse utgangspunkta.
Bakgrunn
Ph.d.-prosjektet har som ein premiss at det er naudsynt med meir kunnskap om korleis sosiomaterielle vilkår for brukarmedverknad er for menneske med rusutfordringar og samansette behov. Nav er ein stor og viktig institusjon der brukarmedverknad er relevant, og fungerer difor som eit utgangspunkt i studien.
Om prosjektet
Prosjektet (2019-2024) nyttar kvalitative intervju for å svara på forskingsspørsmåla:
Korleis kan sosiomaterielle vilkår i Nav påverka opplevd brukarmedverknad for menneske med rusutfordringar?
Korleis kan sosiomaterielle vilkår i Nav påverka relasjonar slik tilsette og brukarar erfarar det?
Prosjektet sine mål:
- Å utvikla kunnskap om styrkar og veikskapar ved deltakingspraksisar i Nav
- Analysera empiri i lys av teori gjennom datamateriale frå to Nav-kontor
- Fremma samarbeid og kommunikasjon gjennom artiklar og anna formidling
Forskargrupper
- BARN310, Prosjekt i barnevernsfagleg arbeid, Høst 2024
- SAB110, Danning og akademisk handverk, Høst 2024
- SAB120, Sosialt arbeid som fag og profesjon, Høst 2024
- SAB130, Grunnlagskunnskap i sosialt arbeid, Høst 2024
- SAB210, Rus og psykisk helse, Høst 2024
- SAB220, Anvendt sosialt arbeid i velferdstenestene, Høst 2024
- SAB310, Samfunnsarbeid, Høst 2024
- SAB320, Refleksjon over fag og yrke, Vår 2025
- SABP3, Praksisstudiar i sosialt arbeid, Høst 2024
- SAVPU301, Praksisstudiar. Ut i verden! Tverrprofesjonelt samarbeid på tvers av landegrenser, Høst 2024, emneansvarlig
- VPL305, Perspective on global Citizenship, Critical reflection and Project work in the south (Tanzania), Vår 2025