Arbeids- og kompetanseområde
Eg er utdanna lektor ved NTNU med fagkrinsen pedagogikk, drama/teater og musikk med hovudfag i Etnomusikologi. Hovudinstrumentet mitt er song. Eg har arbeidserfaring frå vidaregåande skule, kulturskule, grunnskule, barnehage og har alltid arbeidd utøvande som musikar parallelt med undervisning. Eg er spesielt interessert i musikk som kommunikasjon og møteplass, kunstfagpedagogikk og dei yngste barna i barnehagen.
Underviser i
- Musikk og kunstfag i barnehagelærarutdanning.
- Musikk og estetiske læreprosessar i grunnskulelærarutdanning
- Aktivitetsfag musikk i barnevernpedagogikkutdanning
Forskar på
- Song som som sosialt felleskap i barnehage og skule, tilknytt forskningsnettverket SANGBARSK
- Song i lærarutdanning
- Dei yngste barna i barnehagen, knytt til prosjektet Å starte i barnehagen og figurteaterforestillinga Ulldotten
- Kunstnarlege utviklingsarbeid knytt til prosjektet Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar
Forskargrupper
- BACH301, Bacheloroppgåve, 24/25
- BSSN801, Barns språkutvikling og språkæring, nettbasert, 24/25
- KKK202, Kunst, kultur og kreativitet, 24/25, emneansvarlig
- LEKD401, Leik og læring for alle , 24/25, emneansvarlig
- MGUMU131, Musikk 1, emne 1 - Grunnleggjande musikklærarkompetanse, 24/25
- MGUMU231, Musikk 1, emne 2 - Eleven og den musikkulturelle konteksten, 24/25
- MGUPE101, Pedagogikk og elevkunnskap, emne 1 - Lærarrolla og elevane si læring og utvikling, 24/25
- STMD101, Språk, tekst og matematikk, 24/25