Rådgivar

Lena Strandheim

Arbeids- og kompetanseområde

Som rådgjevar for livslang læring og reional utvikling bidrar eg med å utvikle og koordinere fleksibel utdanning og etter- og vidareutdanningstilbod, i tett samarbeid med fagmiljøa ved Fakultet teknologi, miljø- og samfunnsvitskap.

Utgangspunktet for utviklinga av tilboda er kompetansebehovet for etter- og vidareutdanning i samfunns- og arbeidsliv, og eg har difor kontakt med samarbeidspartar i arbeids- og næringsliv, samt følgjer med på politikkområdet for kompetansepolitikk. Eg høyrer også gjerne i frå deg som har eit behov for etter- og vidareutdanning og som ønsker å vite meir om kva fakultetet kan tilby.

Som prosjektkoordinator har eg ansvar for planlegging av prosjekt og aktivitetar, søke om midlar til kurs, formidling av tilbod og kontraktarbeid.

Utdanning:

  • Master i samfunnsvitskap (public administration) frå Nord Universitet
  • Bachelor i Administrasjon og organisasjonsvitskap frå Universitetet i Bergen
  • Årsstudium i marknadsøkonomi frå Handelshøgskolen BI