Arbeids- og kompetanseområde
Eg er utdanna sosionom frå Diakonhjemmets høgskole (1996). Cand. mag, vidareutdanning i behandling, rehabilitering og oppfølging av menneske med alvorlege psykiske lidingar (2002). Godkjenning som klinisk sosionom (2005). Vidareutdanning innan vald i nære relasjonar (2010). Yrkeserfaring som rusmiddelkonsulent i kommune, miljøterapeut/ sosionom ved ein DPS, rådgjevar i kriminalomsorga. Arbeidde som timelærar ved campus Sogndal i ni år før eg tok til som høgskulelærar i 2013. Har i hovudsak hatt emneansvar / undervisningsoppgåver på bachelorutdanninga i sosialt arbeid og undervisningsoppgåver ved vidareutdanningar innan rus og psykisk helsearbeid. Frå august 2015 utnemnt til verv som institusjonsansvarleg for skikkavurdering ved campus Førde og Sogndal. Høgskulelektor ved campus Sogndal med Master i samhandling innan helse og sosialtenester (2017). Frå mars 2018 vart eg tilsett i åremålsstilling som fagseksjonsleiar sosialt arbeid, campus Sogndal og Bergen/Institutt for velferd og deltaking/Fakultet for helse og sosialvitskap. Stipendiat frå 01.01.2020, der arbeidstittel for mitt forskingsprosjekt er: From substance use to full participation in society. A qualitative study of long-term recovery processe. Ph.d.-prosjektet undersøker korleis menneske som er i ein langvarig recovery prosess etter eit alvorleg rusproblem har erfart den sosiale endringsprosessen. I forskingsprosjektet søker vi å få kunnskap om korleis menneske har opplevd prosessen med å få venner utanfor rusmiljøet, det å bygge opp eit nytt sosialt nettverk og kva oppleving dei har av å høyre til i sosiale fellesskap.
- Recovery etter problematisk rusmiddelbruk, samfunnsarbeid, motiverande intervju, modellar i sosialt arbeid, kommunikasjon og relasjon, vald og overgrep
Korleis personar i langvarig recovery frå alvorleg rusproblem erfarer den sosiale endringsprosessen
- Oppvekst, rus og sosial marginalisering
-
https://helseforsking.no/forskingsgruppe-personforsk/
Publikasjonar
-
Stories of building friendships during long-term recovery from problematic substance use
-
Rebuilding Social Networks in Long-term Social Recovery from Substance-Use Problems
-
Social recovery in substance use disorder: A metasynthesis of qualitative studies
-
Working Relationally with Youth in Child Protection Institutions: A Milieu-Therapy Perspective
-
The research circle – (Cooperation between mental health professionals, researchers and drug abusers)