Arbeids- og kompetanseområde

Eg er stipendiat i norsk, og forskar på borns dialektveksling i rolleleik. Forsking på språkbruk i rolleleik syner nemleg at born som bur utanfor austlandsområdet, vekslar mellom eiga, lokal dialekt og eit bokmålsnært talemål. Målet med prosjektet er å få kunnskap om små born som skal ha nynorsk som opplæringsmål sin kompetanse i eit bokmålsnært talemål, slik han syner seg gjennom språkbruk i rolleleik. Å få kunnskap om små borns kompetanse i norske varietetar kan seie noko om den fleirdialektale konteksten til desse borna, og kompetansen borna syner i eit bokmålsnært talemål, vil truleg vere ein faktor for deira seinare utvikling av skriftspråklege ferdigheiter. Prosjektet femner såleis om tema som språktileigning og -utvikling, i tillegg til vilkår for språk(opp)læring. 



Underviser i
  • Begynnaropplæring i norsk
  • Tidleg skriftspråkutvikling og -stimulering 
  • Grunnleggjande ferdigheiter med fokus på lesing og skriving
  • Kritisk analyse av tekst
  • Retorikk 

Forskar på
  • Språktileigning og -utvikling
  • Vilkår for språk(opp)læring

Forskargrupper

Lesing, skriving og språkutvikling

Underviser i
  • MGUNO102, Norsk på mellomsteget 1: Språk- og tekstkunnskap, 24/25
  • MGUNO202, Norsk på mellomsteget 2: Litteratur- og tekstkunnskap, 24/25
  • MGUNO502, Norsk 3, emne 2 - Språk og språkdidaktikk, 24/25
  • MGUNO550, Norsk 3, emne 4 - Masteroppgåve, 24/25
  • NORU801N, Norsk 1, emne 1 - Språk- og tekstkunnskap, 24/25, emneansvarlig

Publikasjonar

  • Forsker på hvordan barnehagebarn veksler mellom dialekter i rolleleken

    Oda Steindal Romarheim (2024)
  • Kvifor leikar ungar på austnorsk?

    Oda Steindal Romarheim (2024)
  • Oda forelska seg i norskfaget. No tek ho doktorgrad

    Oda Steindal Romarheim (2024)
  • Oda forelska seg i norskfaget. No tek ho doktorgrad

    Oda Steindal Romarheim (2024)
  • Role Play and Language Learning in a Norwegian Multilectal Preschool Context

    Oda Steindal Romarheim (2023)
Vis alle
Laster...