Arbeids- og kompetanseområde

Eg er stipendiat i norsk og forskar på språkhistorie med eit særskilt fokus på stadnamn. Ph.d.-prosjektet mitt vil undersøkja samspelet mellom språk og miljø som kjem til uttrykk i namngjeving av landskapet til ulike tider. Omgrepet språkleg økologi ligg til grunn for tilnærminga i arbeidet, det vil seia eit heilskapleg syn på språklege fenomen som tek høgd for både språkinterne strukturar og språkeksterne tilhøve kring språkbruk i samfunnet.

Underviser i
  • Språkhistorie og dialektologi
  • Språkdidaktikk
Forskar på
  • Språkhistorie og dialektologi
  • Stadnamn
Forskargrupper

Utvalde publikasjonar

  • Kvigno. Eit busetnadsnamn frå Lærdal i Indre Sogn

    Mascetti, Samuele (2024)
  • (Re)konseptualiseringa av staden i 'skulebornsuppskriftene' frå 1930-talet

    Mascetti, Samuele (2024)
  • Etymologi som metode i språkhistorieundervisninga. Nokre fagdidaktiske perspektiv

    Mascetti, Samuele (2023)
  • Å bruka lokalmiljøet i språkhistorisk forsking - Kva? Kvifor? Korleis?

    Mascetti, Samuele (2023)
  • Etymologi - kvar kjem orda ifrå?

    Mascetti, Samuele (2023)