Arbeids- og kompetanseområde
Eg er stipendiat i norsk og forskar på språkhistorie med eit særskilt fokus på stadnamn. Ph.d.-prosjektet mitt vil undersøkja samspelet mellom språk og miljø som kjem til uttrykk i namngjeving av landskapet til ulike tider. Omgrepet språkleg økologi ligg til grunn for tilnærminga i arbeidet, det vil seia eit heilskapleg syn på språklege fenomen som tek høgd for både språkinterne strukturar og språkeksterne tilhøve kring språkbruk i samfunnet.
- Språkhistorie og dialektologi
- Språkdidaktikk
- Språkhistorie og dialektologi
- Stadnamn
Utvalde publikasjonar
-
Kvigno. Eit busetnadsnamn frå Lærdal i Indre Sogn
-
(Re)konseptualiseringa av staden i 'skulebornsuppskriftene' frå 1930-talet
-
Etymologi som metode i språkhistorieundervisninga. Nokre fagdidaktiske perspektiv
-
Å bruka lokalmiljøet i språkhistorisk forsking - Kva? Kvifor? Korleis?
-
Etymologi - kvar kjem orda ifrå?