Stipendiat

Silje Meling Bjørnevoll

Arbeids- og kompetanseområde

Silje Meling Bjørnevoll er stipendiat på Institutt for kunstfag, Fakultetet for lærerutdanning, kultur og idrett ved Høgskulen på Vestlandet. Silje arbeider med forskingsprosjektet "Musikklærarstudentar som endringsagentar - Eit casestudium av praksisopplæring i den femårige lærerutdanninga". Prosjektet er del av det større prosjektet Music Teacher Education for the Future (FUTURED). Bjørnevoll har også ei 25 % stilling som prosjektkoordinator i FUTURED.


Bjørnevoll har musikkpedagogisk utdanning frå master i musikkpedagogikk og allmennlærar med musikk. I tillegg har ho årsstudium i musikkterapi og to år utøvande musikkstudium ved Grieg Akademiet v/UiB. Bjørnevoll har arbeidd som musikklærar i grunnskulen i ti år, og har undervist i musikk og andre fag.