Arbeids- og kompetanseområde
Eg jobbar mellom anna med:
- Skulen sin innverknad på elevar og lærarar si psykiske helse
- Kulturen si rolle i å påverka oppleving av meining, livsmot og livsmestring
- Profesjonsfellesskap og skuleutvikling
- Den profesjonelle si sjølvforståing, m.a. når det gjeld bevisstheit om eigne følelsar
- Doktorgradsavhandling om lærarar si rolle i å fremja psykisk helse
Eg arbeider med eit doktorgradsprosjekt om lærarane si rolle i å fremja psykisk helse og trivsel hjå elevane. Sidan 2016 har eg leia arbeidet med KLAPP, eit kompetanseutviklingstiltak for lærarar og skuleleiarar, basert på deira ynskje om relevant kompetanse om psykisk helse i skulen.
I arbeidet med profesjonsutvikling i skulen er eg oppteken av å gje næring til lærarane sitt engasjement for sin jobb, og til refleksjon om kva ein god skulekvardag for alle inneber. Eg har interesse for korleis skulen og den øvrige kulturen skaper forteljingar om kva som er eit godt og meiningsfullt liv, og kva som står på spel for den enkelte, i fellesskapet og i storsamfunnet, nasjonalt som globalt.
Vidare er eg oppteken av lærar og andre leiarar si sjølvforståing, og særleg i situasjonar som er vanskelege for ein eller fleire involverte, og der følelsar er i sving. Med auka sjølvinnsikt og bevisstheit om eige bidrag til dynamikken, er sjansane større for at ein får vera den leiar, lærar og hjelpar ein ynskjer å vera, og risikoen for dobbeltkommunikasjon minskar.
Eg underviser mellom anna i:
- Desentralisert kompetanseutvikling (DeKomp)
- Etter- og vidareutdanningar for lærarar
- Master i praktisk utdanningsvitskap
- Pedagogikk og elevkunnskap ved grunnskulelærarutdanninga, samt profesjonsdagar
Eg forskar på:
- Folkehelse og livsmestring i skulen
- Lærar si rolle i å forstra god psykisk helse
- Profesjonsutvikling i skulen, særleg om lærar si sjølvforståing
- Samanhengen mellom dei tre tverrfaglege tema i skulen: Bærekraftig utvikling, demokrati & medborkarskap, folkehelse og livsmestring
- Kulturen si rolle i å påverka den enkelte si oppleving av meining, livsmot og livsmestring
Aktuelle forskingsartiklar:
Samnøy, S., Thurston, M., & Tjomsland, H. E. (2024) Engagement in ‘Prevailing Societal Challenges’ as a Contribution to Wellbeing? An Analysis of Interdisciplinary Topics in the Norwegian Curriculum (LK20). The Journal of Curriculum Studies https://doi.org/10.1080/00220272.2024.2420361
Samnøy, S., Jenssen, E. S., Thurston, M., Wold, B., & Tjomsland, H. E. (2022). Enhancing Teachers’ Emotional Awareness Through Continuing Professional Development: Mission possible? Scandinavian Journal of Educational Research https://doi.org/10.1080/00313831.2022.2114539
Samnøy, S., Thurston, M., Wold, B., Jenssen, E. S., & Tjomsland, H. E. (2020). Schooling as a Contribution or Threat to Wellbeing? A Study of Norwegian Teachers’ Perceptions of Their Role in Fostering Student Wellbeing. Pastoral Care in Education. https://doi.org/10.1080/02643944.2020.1855673
- KVL801, Karriererettleiing og karrierelæring: teori og prinsipp, 24/25
- KVL802, Utvikling og koordinering i karriererettleiingstenester, 24/25
- MPUV502A, Spesialpedagogikk 2 - Psykososial utvikling og utfordringar, 24/25
- MPUV505, Utdanningsforsking i praksis, 24/25
- SPES801, Spesialpedagogikk og inkluderande praksis, 24/25
- TPE803, Psykososiale vanskar, 24/25
- TPE804, Førebygging for eit inkluderande læringsmiljø, 24/25