Arbeids- og kompetanseområde
Eg er i dag tilsett som instituttleiar ved institutt for miljø- og naturvitskap. Gjennom meir enn 20 år som dekan og instituttleiar i UH-sektoren har eg tileigna meg erfaring frå:
- Samanslåing og omstilling av fagmiljø og studieprogram
- Personaloppfølging og utvikling av arbeidsmiljø
- Internasjonalt forskings- og utdanningssamarbeid
- Kvalitetsutvikling og bygging av omdøme i studieprogramma
- Akkreditering av to engelskspråklege masterprogram
- Etablering av nye bachelorprogram, semesterprogram for internasjonale studentar og vidareutdanningstilbod for lærarar, planleggarar og naturforvaltarar
- Samarbeid med samfunns- og næringsliv
- Møter med ulike departement, Statsrådar og Stortingsrepresentantar
Eitt av dei viktigaste innsatsområda dei to siste tiåra har vore etablering av forskings- og utdanningssamarbeid med universitet i Norge og internasjonalt på problemstillingar med relevans for natur- og klimakrisa. Dette har eg ikkje gjort åleine, men saman med dyktige kollegaer, mange med internasjonal forskingserfaring. Den viktigaste lærdomen eg har frå åra som leiar er kor viktig det er å legge til rette for idèutvikling og medverking blant tilsette i beslutningsprosessar, noko som sikrar god forankring og eigarskap til dei vegvala ein tek.
For å lukkas med å bygge gode fagmiljø som markerer seg i forskingsfronten innafor sitt fagområde, bør ein ha ein langsiktig strategi for rekruttering av gode forskarar til vitskaplege stillingar, gjerne frå land utafor Norge. Høg forskingsaktivitet og dyktige forskarar gjer fagmiljøa meir attraktive i komande tilsettingsprosessar. Forskingsaktive tilsette bidreg til meir forskingsbasert undervisning og betre utdanningskvalitet, meir fart i kunnskapsutviklinga, vi blir meir synlege i mediebildet, noko som over tid bygg eit godt omdøme rundt utdanningane og HVL som institusjon.
Blant oppnådde resultat vil eg trekke fram det mangeårige arbeidet med å omstille eit institutt med svak rekruttering av studentar og tilsette, nedlegging av studieprogram og nedbemanning, til eit institutt med god rekruttering av studentar og tilsette som lukkas godt i konkurransen om nasjonale (Forskningsrådet) og internasjonale forskingsmidlar (EU). Det er inga «quick fix» knytt til omstilling av fagmiljø. Det tek mange år og ei målretta satsing på utdannings- og forskingsområde som vil vere viktig for samfunnet på lang sikt. Mi erfaring tilseier at utdanningsprogramma ved institutta bør henge saman fagleg, slik at ein kan utvikle emne og forsking og bruke lærarkrefter på tvers av fagområde. Ei slik organisering av utdanningar gjer utdanningane kostnadseffektive gjennom fellesbruk av emne og lærarar, samtidig som det stimulerer fagmiljøa til meir samarbeid.
Frå slutten av 1980-talet har eg forska på korleis plantenes kjemiske forsvar påverkar plante-dyr interaksjonar. Hovudfokus har vore på korleis plantenes forsvar påverkar populasjonssyklusar hos smågnagarar og insekt. Saman med kollega ved instituttet, ved NMBU og ved Rutgers University i New Jersey har eg forska på korleis klimaendringar påverkar blåbærplantens kjemiske forsvar og kva følgjer dette kan få for økosystema. Siste artiklar:
2020
Benevenuto, Rafael Fonseca; Seldal, Tarald; Polashock, James; Moe, Stein Ragnar; Rodriguez-Saona, Cesar; Gillespie, Mark Andrew Kusk; Hegland, Stein Joar. Molecular and ecological plant defense responses along an elevational gradient in a boreal ecosystem. Ecology and Evolution 2020 ;Volum 10.(5).
Fonseca Benevenuto, Rafael; Seldal, Tarald; Moe, Stein Ragnar; Rodriguez-Saona, Cesar; Hegland, Stein Joar. Neighborhood effects of herbivore-induced plant resistance vary along an elevational gradient. Frontiers in Ecology and Evolution 2020 ;Volum 8.
2019
Fonseca Benevenuto, Rafael; Seldal, Tarald; Hegland, Stein Joar; Rodriguez-Saona, Cesar; Kawash, Joseph; Polashock, James. Transcriptional profiling of methyl jasmonate-induced defense responses in bilberry (Vaccinium myrtillus L.). BMC Plant Biology 2019 ;Volum 19.
2018
Fonseca Benevenuto, Rafael; Hegland, Stein Joar; Töpper, Joachim Paul; Rydgren, Knut; Moe, Stein Ragnar; Rodriguez-Saona, Cesar; Seldal, Tarald.
Multiannual effects of induced plant defenses: Are defended plants good or bad neighbors?. Ecology and Evolution 2018 ;Volum 8.(17).
2017
Seldal, Tarald; Hegland, Stein Joar; Rydgren, Knut; Rodriguez-Saona, Cesar; Töpper, Joachim Paul. How to induce defense responses in wild plant populations? Using bilberry (Vaccinium myrtillus) as example. Ecology and Evolution 2017 ;Volum 7.(6).
2016
Hegland, Stein Joar; Seldal, Tarald; Lilleeng, Marte Synnøve; Rydgren, Knut.
Can browsing by deer in winter induce defence responses in bilberry (Vaccinium myrtillus)?. Ecological Research 2016 ;Volum 31.(3).
2015
Hegland, Stein Joar; Seldal, Tarald; Lilleeng, Marte Synnøve; Rydgren, Knut.
Winter induced resistance in bilberry. Norwegian Ecological Society; 2015-03-13.
2011
Erlinge, Sam; Hasselquist, Dennis; Högstedt, Göran; Seldal, Tarald; Frodin, Peter; Svensson, Mikael. Lemming-food plant interactions, density effects, and cyclic dynamics on the Siberian tundra. Arctic 2011 ;Volum 64.
Underviser i
- Glaciers and Ecology
- Botanikk
- Climate Change Ecology
Forskar på
- Plante-dyr interkasjonar
- Plante kommunikasjon
- Planteforsvar
Forskargrupper