Arbeids- og kompetanseområde
Eg er historikar. Det vil sei at eg er opptatt av å forstå menneskje, fortidige så vel som samtidige. Eg er særleg interessert i kontakt og samhandling, nettverk mellom menneskje og stadar, og tilhøvet mellom det lokale og globale. Eg arbeidar hovudsakeleg med antikken (ca. 500 f.v.t – 500 e.v.t.) og det lange 1800-tallet, med eit fokus på Asia.
Eg underviser i historie generelt og er særleg opptatt av lange linjer, demokratihistorie, globalhistorie og imperialisme. Eg brenn for at studentar skal sjå korleis historia ikkje berre er ei tilbakelagt fortid, men heller ei kraft i samtida som verkar på alle sider av liva våre. Eg er også særleg opptatt av speldidaktikk, ekskursjonsdidaktikk og dramapedagogikk inn mot historieundervising.
Mine sentrale forskingsinteresser er:
- Globalhistorie. Eg er særleg fokusert på tilhøvet mellom lokale aktørar og globale trendar, for eksempel korleis prestisjegjenstandar utanfrå inngår i lokalt maktspel.
- Silkevegen, i det første tusenåret e.v.t. Eg er særleg opptatt av korleis et slikt stort handelsnettverk fungerte i praksis.
- Imperialisme på 1800-tallet. Med eit særleg fokus på Aust-Asia, den lokale responsen på Europeisk Imperialisme, og europeisk vitskaplege ekspedisjonar.
- Asiatisk historie. Fokus på det Indre Asia, Kina og Japan.
- Speldidaktikk, med eit særleg fokus på historieundervisning.
Ei oversikt over forskingsarbeida mine kan du finne i min Cristin-profil, og alle opent tilgjengelege artiklar ligg også ute på Academia.
Underviser i
- Grunnskolelærerutdanning 1.-7.trinn
- Grunnskolelærerutdanning 5.-10. trinn
- Master i samfunnsfagsdidaktikk
Forskar på
- Globalhistorie.
- Silkevegen.
- Imperialisme på 1800-tallet.
- Asiatisk historie.
- Speldidaktikk.
Forskargrupper
TIDsROM
Den antikke verden (UiB)
- MDIP502C, Minnekultur: politikk, kritikk og didaktikk, 24/25
- MDIP550C, Masteroppgåve - Samfunnsfag/Religion, 24/25
- MGBSA101, Samfunnsfag 1, emne 1 - Innføring i samfunnsfag 1 , 24/25, emneansvarlig
- MGUSA101, Samfunnsfag 1, emne 1 - Innføring i samfunnsfag 1, 24/25, emneansvarlig
- MGUSA131, Samfunnsfag 1, emne 1 - Innføring i samfunnsfag 1, 24/25
- MGUSA550, Samfunnsfag 3, emne 4 - Masteroppgåve, 24/25
- MPUV505, Utdanningsforsking i praksis, 24/25
- PHD901, Danning og didaktiske praksisar, 24/25
- PHD950, Avhandling, 24/25
Publikasjonar
-
Seals and Sealing Practices in the Kingdom of Kroraina
-
Forms of Mobility in the Southern Tarim Basin in the 7th to 10th Centuries
-
What digital educational resources are in use by UNESCO Global Geoparks? Report 1 from the GeoSite project
-
Islands in a sea of sand: The role of Tarim Basin polities in global trade during late antiquity
-
Trade, Buddhism, and the Kushan Connection: Exchange across the Pamir Knot and the Making of the Silk Roads, 2nd Century BCE to 5th Century CE