Arbeids- og kompetanseområde
Eg har doktorgrad i fysikalsk kjemi, og har jobba tverrfagleg med forsking innan nanoteknologi, petroleum (boring og brønn) og grøn energi. Noværande forskingsinteresser er grøn energi og hydrogenteknologi. Pågåande forskingsaktivitetar inkluderer mogelegheit for hydrogenproduksjon frå offshore vind, lagringsmetodar, produksjon av hydrogen frå innestengt kraft og elektrolyse frå saltvatn.
Eg underviser eit emne i Hydrogenteknologi, rettleier studentoppgåver (bachelor, master og PhD) og har overordna ansvar for etter- og vidareutdanningskurs som HVL tilbyr innan hydrogen.
Eg er nestleiar for FME HyValue, eit forskingssenter på hydrogen og hydrogenbaserte energiberarar, der eg også har rolla som Innovation and Exploitation Manager. Du kan finne meir info om HyValue her: HyValue
Les meir om hydrogen ved HVL her.
Underviser i
- Hydrogenteknologi
- Brenselceller, elektrolyse
Forskar på
- Hydrogen som energiberar
- Grøn energi
Forskargrupper
- Energi- og miljøteknologier
- HVL Hydrogen Team
Publikasjonar
-
MS2/TiO2 (M = Co, Sn and Ni) electrodes for electrocatalytic and photocatalytic water splitting
-
Klima og energi
-
Hydrogen si rolle i energiomstilling
-
A Comparative Study of Different Hydrogen Delivery and Storage Systems for Industry. Case INEOS Tyssedal.
-
Hydrogen production from run-off-river power plant