Forskingsprogramleiar/Professor

Vigdis Vangsnes

Arbeids- og kompetanseområde

Eg er for tida leiar for det strategiske forskingsprogrammet Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking (PUF). Det er 11 ulike forskargrupper i programmet.

Eg forskar på undervisning, gjerne knytt til improvisatoriske og estetiske læreprosessar og digitale medium i alle fag, på lærarutdanning og korleis ein gjennom øving på campus kan byggja reflekterte faglege undervisningsrepertoar. Forskinga spenner frå studiar om profesjonsutvikling i lærarutdanninga, til berekraftige digitale praksisar i barnehagen. Me har nettopp avslutta forskingsprosjektet Building Sustainable Digital Practices in Kindergarten Literacy and Arts Programmes (DigiSus). I perioden 2021 til 2025 leier eg det NFR-finansierte forskingsprosjektet Rehearsing Teaching Professionally (ReTPro) Rehearsing Teaching Professionally - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no) og det DIKU-finansierte utviklingsprosjektet Rehearsing Teaching Professionally in Teacher Education (ReTProTE). I begge prosjekta undersøker me korleis me kan knyta høgskule, forsking og praksisfelt tettare saman og korleis me kan legga til rette for at lærarstudentane også på campus får høve til å øva seg på å vera den reflekterte utøvande læraren i klasserommet.



Underviser i

Estetiske læreprosessar, lærarrolla, digitale medium i barnehagen, kunstfagdidaktikk, dramapedagogikk, dramaturgi, improvisasjon, performativitet, vitskapsteori, kvalitative forskingsmetodar.


Forskar på
  • Er leiar av og forskar i prosjektet ReTPro (Rehearsing Teaching Professionally), 2021-2025, NFR/HKdir, Rehearsing Teaching Professionally - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no). ReTPro er ei ny praksisnær metodisk tilnærming (øvingsrommetodikk) i grunnskulelærarutdanninga som prøver ut arbeidsformene dialogisk undervisning og pedagogisk drama i faga engelsk og matematikk, og knyter det til satsingsområda kritisk tenking og demokratisk medborgarskap i Kunnskapsløftet 2020.
  • Andre tematikkar eg forskar på:
  • Lærarutdanning og profesjonsutvikling
  • Undervisning
  • Lærarrolla
  • Estetiske læreprosessar
  • Digitale praksisar i barnehagen
  • Improvisasjon
  • Fagfornyinga

Forskargrupper