Arbeids- og kompetanseområde

Eg har har arbeidd ved høgskulen sidan 1999 og delteke i undervisning, forsking og utviklingsarbeid innan feltet IKT i læring. Korleis tenkjer me om læring og undervisning i ein digital tid? Korleis endrar lærarrolla seg? Kva kompetanse treng dei lærarstudentane som utdannar seg i dag?

Dette er spørsmål eg arbeider med på høgskulen. Dei siste åra har eg særleg vore oppteken av korleis me i høgare utdanning må leggja om undervisinga vår slik at me er meir tilpassa eit samfunn der me får både fleire og andre typar studentar enn me har hatt tidlegare. Korleis skal høgare utdanning ta inn over seg den digitale teknologien sine mulighetar og utfordringar?

 

Eg er utdanna lærar og har hovedfag i pedagogisk informasjonsvitskap frå Universitetet i Bergen. Eg har doktorgrad i pedagogikk med fokus på IKT frå Psykologisk Fakultet, Universitetet i Bergen.

Ved HVL er eg leiar for forskingsgruppa FORITEK (Forskargruppe for innovativ teknologiutvikling i utdanning) og Arbeidsgruppa for digitalt samarbeid i UH Nett Vest.