Førstelektor

Gunhild Sofie Aadland Rolfsnes

Arbeids- og kompetanseområde

Eg arbeider som høgskulelektor i musikk på campus Stord, og underviser på fleire av utdanningane der. Utdanninga mi er frå NTNU i Trondheim, der eg tok hovudfag i musikkvitskap der eg forska på afroamerikansk musikkultur og gospelmusikk. Mitt hovudinstrument er song, der eg studerte klassisk, men eg syng og underviser innan rytmisk song og improvisasjon. Eg er også dirigent, der eg har leia alt frå barnekor til ungdoms- og vaksenkor. I tillegg spelar eg piano med fokus på akkompagnement/ besifringsspel. Eg syng i bandet Klingenberg som har utspring frå musikkmiljøet på campus Stord, og eg har dei siste åra byrja å skrive eigne låtar innan pop/jazz. Eg brenn for at alle menneske skal få delta i musikkaktivitetar, og at alle som har eit ynskjer om å drive med musikk skal finne mot til å faktisk gjere det. Musikk er både eit spesialistfag og eit fag for alle- vi treng musikk på alle område i livet. Vi treng dei som ynskjer å vere profesjonell musikar/ artist, og vi treng dei som ynskjer å bidra til meir musikk i skule og samfunn. 



Underviser i

Song, kor, direksjon, akkompagnementsspel, improvisasjon, høyrelære og musikkteori, songmetodikk i klasserommet, musisering i klasserommet, komponering i klasserommet, musikkdidaktikk m.m. Underviser både i GLU, BLU og årsstudium i musikk.


Forskar på

Song som aktivitet, ferdighet og sosialt konsept

Songpedagogikk

 

Underviser i
  • KAB301, Kunstfagleg arbeid i barnehagen, 24/25
  • KKK202, Kunst, kultur og kreativitet, 24/25
  • LUPEM302, Workshoping og community music, 24/25
  • LUPEM303, Fast ensemble, 24/25
  • MGBPES101, Pedagogikk og elevkunnskap, emne 1 - Lærarens undervisning og eleven si læring, 24/25
  • MGUPE101, Pedagogikk og elevkunnskap, emne 1 - Lærarrolla og elevane si læring og utvikling, 24/25
  • MUS101, Utøve musikk, 24/25
  • MUS201, Lage musikk, 24/25
  • MUS401, Sjøvvalt prosjekt, 24/25
  • PPUA306, Skulen i samfunnet - leiing av lærings- og utviklingsarbeid i eit organisasjons- og samfunnsperspektiv, 24/25

Publikasjonar

  • Musikalsk innslag på Stord Jazzklubb sin julejam

    Gunhild Sofie Aadland Rolfsnes, Åsmund Espeland, Øystein Røsseland Kvinge (2024)
  • Innslag på julekonserten "Vår jul" med Stord Soul Children

    Gunhild Sofie Aadland Rolfsnes (2024)
  • Innslag med Stord Soul Children på "Atle Pettersen - Tusen julelys" i Stord kyrkje

    Gunhild Sofie Aadland Rolfsnes (2024)
  • Førjulskonsert

    Gunhild Sofie Aadland Rolfsnes, Åsmund Espeland, Oda Rolfsnes (2024)
  • Førjulskonsert - mini-turné for Den kulturelle spaserstokken i Stord kommune

    Gunhild Sofie Aadland Rolfsnes, Åsmund Espeland, Oda Rolfsnes (2024)
Vis alle
Laster...