Arbeids- og kompetanseområde
Eg er assisterande instituttleiar på Institutt for idrett, kosthald og naturfag. Eg har funksjonsansvar for grunnskulelærarutdanningane 1-7 og 5-10, praktisk pedagogisk utdanning og masterutdanningar for lærarar. Eg har eit særleg fokus på campusutvikling og samhandling mellom instituttet og andre einingar på campus Stord. I tilleg er eg opptatt av samarbeid mellom Stord og campusane Sogndal og Bergen der instituttet er representert.
Eg har utdanning innan biologi, fysikk og kjemi frå Telemark distriktshøgskule, Høgskolesenteret i Rogaland, Heriot-Watt University og Høgskulen i Stavanger med doktorgrad innan biokjemi. Praktisk pedagogisk utdanning har eg frå Høgskulen i Bergen.
Underviser i
I stillinga eg har no har eg ikkje undervising. Eg har tidlegare undervist i naturfag i barnahagelærarutdanninga og grunnskulelærarutdanningane.
Forskar på
Doktorgraden handlar om mekanismen til den circadiane klokka i Neurospora crassa.
Etter doktorgraden har eg jobba med didaktiske problemstillingar i forhold til naturfag i barnehagen. Eg har leia to nordiske prosjekt i regi av Nordplus som handla om naturfagspråk i barnehagen. Vidare var eg sentral i søknadsprosessen til Erasmus+-prosjektet Natural Science in Everyday Conversations in Preservice Teacher’s Education.
Forskargrupper
- Sortland, M. Ø, Tikkanen, T., Heggen, M. P., Holter, K., Langholm, G., Broström, S., . . .Thulin, S. (2017). Quality of Kindergarten Teacher Training in Regard to Science: A Joint Nordic Approach. Nordina, 13(1), 97-111.
- Sortland, M. Ø., Langholm, G., Holter, K., Bollingberg, K., Damgaard, B., Frøkjær, T., …Tonnesen, P. H. (2016) Joint Nordic science education package for kindergartens. Published at http://www.forskerfrø.no/, each of the 10 activities, independently.
- Sortland, M. Ø., Ben-Horin, O. (2015) WASO Implementation Scenario: “Water’s Physical Properties: Floating and Sinking”, a Science Opera. HSH
- Sortland, M. Ø. (2012) Forsøk med flyting og søkking. Naturfag (1) s. 62-63
- Sortland, M. Ø. (2012) Klossar som flyt og prinsesser som søkk" om flyting og søkking i barnehagen. Naturfag (1) s. 58-61