Sakkunnige rapportar i barnevernets avgjerder
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjekttype
Anvend forsking
Prosjektperiode
September 2020 - Februar 2025
Prosjektsamandrag
Barnevernet overtek årleg omsorga for meir enn tusen barn. Desse avgjerdene kviler ofte tungt på rapportar frå barnesakkunnige, som oftast psykologar. I 2010 vart Barnesakkyndig kommisjon etablert for å kvalitetssikre dei barnesakkunnige rapportane. Ein rapport kan ikkje brukast som avgjerdsgrunnlag før kommisjonen har gått gjennom og godkjent den. Rapportane blir fortløpande arkivert hos Barnesakkyndig kommisjon. Per 2020 inneheld dette arkivet rundt 8000 rapportar. Vi har som første forskargruppe fått tilgang til å forske på dette materialet. Prosjektet vårt vil i tillegg forske på korleis slike sakkunnige rapportar vert brukt i barnevernstenesta.
Den eine delen av prosjektet har fokus på innhaldet i dei arkiverte rapportane. Her vil vi studere kva for kunnskapsgrunnlag og normer dei sakkunnige funderer sine resonnement på, og kva for metodar dei bruker som grunnlag for vurderingane sine. Vi kjem vidare til å sjå på korleis tenkinga og dei sakkunnige sin bruk av kunnskap har utvikla seg over tid. Vi kjem også til undersøke meir spesifikke problemstillingar som for eksempel korleis kulturelle spørsmål knytt til minoritetsstatus og etnisitet vert handtert.
I den andre delen av prosjektet vender vi oss til dei som bestiller og brukar rapportane i barnevernet. Her utforskar vi korleis rapportane vert nytta, kor nyttige og formålstenlege dei vert opplevd, samt korleis dei vert utført av dei sakkunnige. Vi skal gjennomføre fokusgruppeintervju med barneverntilsette og barnevernleiarar, individuelle intervju med sakkunnige psykologar, samt studere Fylkesnemndsvedtak henta frå Lovdatata. Gjennom partnarar i England og Sverige får vi også høve til å utforske bruken av sakkunnig i desse landa og korleis ulike lovverk og faglege tradisjonar påverkar bruken av sakkunnige.
Det store arkivet av sakkunnige rapportar har til no ikkje blitt brukt som en læringskjelde, trass i kor avgjerande rapportane er for framtida til barn og familiar. Det er heller ikkje forska systematisk på korleis desse rapportane blir brukt i barnevernets arbeid og avgjerdsprosessar. Målet vårt er å utvikle kunnskap som kan bidra til betring og utvikling av barnevernet sin praksis når det gjeld bruk av sakkunnige. Vi kjem til å formidle funna frå prosjektet til ulike nivå innan barnevern- og barnerettssystem. Funna vil også kunne informere framtidige kursprogram for barnesakkunnige og læreplanar for i helse- og sosialfaglege utdanningar.