Samskaping gjennom arbeidspraksis
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjektperiode
September 2023 - September 2025
Prosjektsamandrag
Eit av overordna måla med Arbeidslivsrelevansmeldinga er å styrke kvaliteten og relevansen i utdanningane gjennom betre og meir gjensidig samarbeid om samfunnets kunnskapsbehov og studentane si læring (Regjeringen, 2019). Denne studien tek utgangspunkt i introduksjonen av eit praksiselement i sosiologiutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet og måtar samarbeid med eksterne aktørar (her mentorar på praksisplassane) bidrar til utvikling av nye former for kunnskapsproduksjon og læring i sosiologifaget.