Sosiologi på nett

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet, Handelshøgskulen HVL

Prosjekttype

Faglig utviklingsarbeid

Prosjektperiode

August 2024 - Januar 2027

Prosjektsamandrag

"Sosiologi på nett" er eit følgeprosjekt som skal kartlegge og evaluere overgangen til ei heildigital sosiologiutdanning ved Høgskulen på Vestlandet, HVL. HVL er den første institusjonen i Noreg til å tilby ei heildigital sosiologiutdanning, med oppstart hausten 2024. I dette prosjektet vil vi kartlegge studentmassen (geografisk, aldersmessig mm.), grunnar for val av ei digital utdanning, forventningar til programmet, læringsutbytte undervegs og studentrefleksjonar kring læring og undervisning på nett. Føremålet med forskingsprosjektet er å kunne betre studietilbodet basert på kunnskapen vi innhentar i prosjektet.