Soga om Sogn og Fjordane

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet, Institutt for samfunnsvitskap

Prosjektperiode

November 2011 - November 2017

Prosjektsamandrag

Regionhistoria "Soga om Sogn og Fjordane" (4 band) er hovudresultatet av forskingsprosjektet ”Fylkeshistorie for Sogn og Fjordane”, og verket dekkjer soga til Sogn og Fjordane frå dei eldste tider til i dag. Prosjektet gjekk ut på å utarbeide publiseringsklart manuskript til bokverket, som vart lansert 17. oktober 2017. Siktemålet har vore å skrive eit forskingsbasert historieverk for den historieinteresserte ålmenta gjennom å gje ei ei brei samfunnshistorisk framstilling av Sogn og Fjordane frå dei eldste tider til i dag.

Verket er vera kronologisk disponert. Forfattarar er Harald Krøvel og Harald Tafjord (bd. 1, før 1763), Jan Anders Timberlid (bd. 2, 1763-1875), Oddmund L. Hoel (bd. 3, 1875-1945) og Hege Roll-Hansen (bd. 4, etter 1945).

Historikarmiljøet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (Høgskulen på Vestlandet) har hatt hovudansvaret for prosjektet og ansvaret for band 2, 3 og 4. Historikarmiljøet ved Høgskulen i Volda har hatt ansvaret for band 1. Redaktørar er Ola Svein Stugu (NTNU/HiSF, prosjektleiar) og Hans Jacob Orning (UiO/HVO).

Meir informasjon om forskingsprosjektet (HVL)

Meir informasjon om bokverket (Fagbokforlaget)