Teknoløft Sogn og Fjordane
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjekttype
Anvend forsking
Prosjektperiode
Mai 2018 - April 2024
Finansieringskjelder
Høgskulen på Vestlandet
Noregs forskingsråd
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane
Vestlandsforsking
Totalbudsjett
45586578 NOK
Prosjektsamandrag
Teknoløft Sogn og Fjordane skal auke kapasitet og kompetanse i forskingsmiljøa ved Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking på områda digitalisering og automatisering. Målsettinga er at meir relevante forskingsmiljø i regionen skal føre til at næringslivet i større grad etterspør forsking for utvikling og innovasjon, og at prosjektet skal stimulere til nye samarbeid om forsking og innovasjon med partnarar i og utanfor Norge. Prosjektet er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet, Vestlandsforsking, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og SINTEF Digital.
Dei to hovudsatsingane i prosjektet er å utvikle kompetanse på meir fleksibel automatisering med robotar i små og mellomstore bedrifter, og å utvikle meir næringsretta kompetanse innan stordata (Big Data) som kan gjere det lettare for bedrifter å ta i bruk data til innovasjon og omstilling. Satsingane skal auke toppkompetansen i fou-miljøa og utdanne nye doktorgradsstipendiatar i næringsrelevante problemstillingar. For å auke tilgangen på relevant og kompetent arbeidskraft i fylket skal prosjektet og utvikle nye næringsrelevante etter- og vidareutdanningstilbod, og har som mål å utvikle ei masterutdanning i robotikk og digitalisering.
Dei fleste bedrifter vil før eller seinare måtte omstille seg drastisk for å møte det digitale skiftet. Målsettinga for Teknoløft Sogn og Fjordane er å bidra til å lette omstillinga i bedriftene gjennom deling av kunnskap, problemstillingar og kompetanse mellom fou-miljø og næringsliv. Prosjektet rettar seg mot eit breitt spekter av små og mellomstore bedrifter i Sogn og Fjordane, og tek sikte på å stimulere flest mogleg av dei til eit løft på områda digitalisering, robotisering og automatisering. Slik kan næringslivet ta aktivt del i det digitale skiftet .
Prosjektet vil særleg legge vekt på samarbeid med IT-bedrifter som er langt framme når det gjeld digitalisering av produksjon og tenesteyting, og med produksjonsnæringar og energibransjen i Sogn og Fjordane. Prosjektet har som målsetting at den næringsretta forskingsbaserte innovasjonsaktiviteten i Sogn og Fjordane minst skal doblast i løpet av prosjektperioden.
Meir om publiseringsaktivitetane i prosjektet kan du finne her.
Metode
Prosjektet vil ta i bruk små treghetssensorar (IMUar) for å måle korleis mennesket bevegar på armar og torso, og så estimere bevegelse og intensjonen for bevegelsen gjennom eit Kalman-filter. Dette gjer oss i stand til å styre roboten sin posisjon og kraft nøyaktig gjennom ein impedans-regulator slik at roboten og mennesket kan samarbeide tett i handteringa av ulike produkt. Korleis roboten og mennesket skal samarbeide om å handtere nye produkt og oppgåver skal lærast gjennom læringsalgoritmar som får feedback både frå mennesket og kvaliteten på produktet.