Tegn til alle i barnehagen
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjekttype
Grunnforskning
Prosjektperiode
Januar 2018 - Januar 2020
Prosjektsamandrag
Enkelte barnehagelærarar fortel at dei har positive erfaringar med å bruka tegn til alle i barnehagen. Bruk av tegn i barnehagar startar ofte med at eit eller fleire barn treng teikn fordi dei høyrer dårleg eller har språkvanskar. Nokon barnehagar vel å bruka tegn til alle ungane for å inkludera alle og styrka språkopplæringa. Erfaringane derfra viser at dei yngste borna får eit språk å uttrykka seg med før talespråket er utvikla. Dei ser at også innvandrerbarn har nytte av tegn i kommunikasjonen.
Prosjektet vil undersøkja kor mange barnehagar i Hordaland som brukar tegn, sammanfatta erfaringar frå fire barnehagar som bruker tegn til alle og sjå dette i lys av internasjonal forskning.
Metode
Spørreskjema til alle barnehagane i Hordaland, observasjon i fire barnehagar og gruppeintervju med tre tilsette kvar av desse fire barnehagane.