Recoverykurs og recoveryutdanning - forskingsdel

Godkjent i NSD 268846

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjektperiode

Januar 2018 - Juni 2020

Prosjektsamandrag

Det er planlagt to vitskaplege artiklar i prosjektet. Den eine skal beskrive kurs etter Recovery College modellen i norsk kontekst. Datagrunnlaget er erfaringar til kursdeltakarar, kursleiarar og leiarar i kommunale helsetenester. Den andre er basert på samhandlingsforsking med personar som er studentar på ei recovery-utdanning. Målet er å utforske korleis ein kan bruke erfaringskunnskap til å vera til hjelp i andre sin recoevry prosess.