Førehandssamtalar i kommunehelsetenesta: Ein kvalitativ studie av helsepersonell sine erfaringar med og oppfatning av førehandssamtalar i kommunehelsetenesta

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjektperiode

September 2018 - Desember 2022

Prosjektsamandrag

Pasientmedverknad og sjølvråderetten er sterkt forankra i nasjonale føringar og helselovgivinga i Noreg. Samstundes opplever pasientar av helse- og omsorgstenestene manglande pasientmedverknad og deltaking i avgjerder kring eigne helsetenester. 

Førehandssamtalar, Advance Care planning (ACP), er definert som planlagde, strukturerte samtalar for å avklare viktige praktiske utfordringar kring etiske spørsmål og framtidig død i behandling og omsorg. 

I mars 2018 blei det arrangert ein interkommunal konferanse, «Livets siste dager» i NN kommune, som blant anna omhandla førehandsamtalar med pasientar i palliativ fase. I etterkant av konferansen blei det innleia eit samarbeid mellom kommunen, Høgskulen på Vestlandet (HVL), Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester i Helse Fonna kommunene (USHT) samt FOUSAM (FoU-enhet for samhandling i Helse Fonna området). Prosjektet fekk midlar frå Fylkesmannen til eit pilotprosjekt.

Prosjektet er todelt. Ein del som omhandlar praktisk gjennomføring og implementering der kommunen har ansvar, og ein forskingsdel der Høgskulen på Vestlandet har hovudansvar. Prosjektdelane er tett bundne saman og avhengig av kvarandre. Forskingsdelen skal utforske helsepersonell dvs. legar, sjukepleiarar og anna relevant helsepersonell, sine oppfatningar av og erfaringar med bruk av førehandssamtalar i kommunehelsetenesta. Prosjektet er ei vidareføring av prosjekta “Eksistensiell og åndelig omsorg for alvorlig syke og døende i kommunehelsetjenesten” og «Lindrende behandling og omsorg ved livets slutt» (ferdigstilt våren 2019), som begge er forankra i NN kommune.

Metode

Kvalitativ - Hermeneutisk fenomenologisk forskingsmetode