Havvind
Høgskulen på Vestlandet tilbyr fleire relevante utdanningar for havvindnæringa. Vi har også fleire forskingsprosjekt om havvind i tett samarbeid med næringslivet.
- Norge satsar på at havvind skal bli vårt nye industrieventyr. Det krev at vi må utdanne mange fleire innan ei rekkje fagområde. På HVL kan du velge mellom dei mest etterspurte utdanningene.
- For å lukkast trengs det også næringsretta forsking om alt frå miljøpåverknader og samfunnsøkonomi, til teknologiutvikling, effektivisering og energistyring. HVL er derfor ein sentral kompetansepartnar for utviklinga av havvind på Vestlandet.
Vil du vite meir om havvind ved HVL?
Ta kontakt om du ønsker meir informasjon om utdanningstilbod og om forskinga vår. Vi ser stor verdi i å knyte akademia tettare til næringsliv og myndigheiter innan havvind.
Innovasjonsprosjekt, studentoppgåver, gjesteforelesingar og bedriftsbesøk er samarbeidsområde som bidrar til fagutvikling og til å sikre arbeidsrelevans i våre utdanningar. Saman kan vi utvikle ny kunnskap og tilstrekkeleg kompetanse for ei meir berekraftig utvikling av norsk havvindindustri.