Laboratorium

På campus Bergen har vi laboratorium som vi brukar til testing og forsking på hydrogen.

Motorlaben

Dette brukar vi motorlaben til

På motorlaben har vi ulike termiske maskiner som blir brukt til både undervisning, forsking, og prosjektoppgåver på bachelor- og masternivå.

Her har vi ein forbrenningsmotorar som går på bensin- og (bio-)diesel, ein gassturbinmotor konstruert og bygd av studentar basert på ein turboladar og ein firesylindra gassmotor som er ein del av et mikro-kraft-varme-anlegg.

I tillegg har vi ein knottgassgenerator som produserer ein syntesegass rik på hydrogen og kullos, som kan vere drivstoff for blant anna forbrenningsmotorar.

Laboratoriets Stirling-motor blir for tida brukt som kuldemaskin i eit prosjekt om småskala-flytandegjering av hydrogen. Den fungerer som testanlegg for å undersøke forbetringsmoglegheiter med tanke på ytelse, effektivitet og oppskalering til eit pilotanlegg for fleire hundre liter per døgn.

Bildet viser varmeveksleren på toppen av Stirling-motoren når den er i kuldedrift. Foto: Privat.

Clean Energy Lab

Clean Energy Lab ved campus Bergen. Foto: Ingvild Festervoll Melien.