Videopodkastar
I videopodkastane våre finn du videointervju med nokre av forskarane og yrkesutøvarane våre der dei snakkar om ulike sider ved SciTalk.
Kvardagsprat om naturvitskap i barnehagen
I denne episoden snakkar pedagogisk leiar Astrid Wallem Hagen ved Bråtveit natur- og kulturbarnehage om korleis ho har gode naturvitskaplege samtalar i kvardagssituasjonar i barnehagen.
Naturvitskaplege samtalar innandørs
I denne episoden snakkar matematikk- og naturfagpedagog Oda Bjerknes ved Espira Pi-parken om korleis ein kan ha gode naturvitskaplege samtalar med barn innandørs.
Refleksjonar om naturvitskaplege samtalar med barn
I denne episoden snakkar ph.d.-kandidat Inga Margrethe Fagerbakke om sine eigne og barnehagebarna sine refleksjonar rundt naturvitskaplege samtalar med barn.
Antropomorfisme
I denne episoden snakkar professor Margareth Sandvik og førstelektor Cato Tandberg om antropomorfisme i samtalar med barn om naturvitskaplege emne.
Her-og-no-språk
I denne episoden snakkar professor Margareth Sandvik om verdien av her-og-no-språk i naturvitskaplege samtalar med barn.
Undring
I denne episoden snakkar professor Margareth Sandvik og universitetslektor Inger Kristine Jensen om omgrepet undring og korleis ein kan undre seg saman med barn i naturvitskaplege samtalar.
Haldning til kunnskap
I denne videoen snakkar professor Kati Hannken-Illjes om haldning til kunnskap (epistemic stance på engelsk), kva det er, og kvifor det er viktig å tenkje over når du skal snakke om naturvitskap med barn.
Kvifor bør vi studere våre eigne naturvitskaplege samtalar?
I denne episoden snakkar SciTalk-forskarane Inga Margrethe Fagerbakke, Carlien Nijdam og Henriëtte op den Brouw om sine erfaringar med å arbeide med barnehagelærarstudentar som reflekterer over naturvitskaplege samtalar med barn.