Læringsmateriell
Nokre gonger kan det vere ein god idé å bruke fysiske ressursar når ein skal samtale om naturvitskaplege emne.
Bøker og plakatar
Det er viktig at barn får høve til å dykke ned i eit emne som interesserer dei. Ulike typar bøker, leksikon og plakatar bør vere tilgjengelege når som helst. Det har ikkje noko å seie om barnet kan lese eller ikkje; bilete og figurar skaper også meining. Men det å lese bøker saman med barna gjev gode moglegheiter for å prate om naturvitskap, og det kan gjere barna nysgjerrige.
Munnlege tekstar - historier, eventyr, rim osv.
Ein metode for å få barna meir involverte i eit emne eller meir interesserte i eit bestemt emne, eller for å halde samtalen i gang over lengre tid, er å fortelje ei historie eller eit eventyr som er knytt til det de har snakka om. Munnlege tekstar som historier, rim, artige fakta eller songar kan gjere barna meir medvitne om kva dei har oppdaga, eller kva dei undrar seg over. Artige fakta kan gjere at dei undrar seg vidare, stiller spørsmål om emnet og oppdagar endå meir. Eit døme kan vere måten historier, songar og rim er brukt på klikkbilde.
Ditigale ressursar
Med alle dei ulike appane som no er tilgjengelege, er det enklare enn nokon gong å bestemme dei ulike artane i naturen. Nokre av dei omfattar også lyd, til dømes fuglesong. Det er praktisk å ha desse appane på mobilen, slik at du kan bruke dei når som helst når du og barna vil finne ut kva de har funne. Bruk søkjemotorar for å finne forslag til appar.
Nokre døme:
- Artsorakel
- Strandkanten
- Treslag – på tur i skogen
- Fugler i nærmiljøet
- Spiselige vekster i naturen
- BirdID – European bird guide and quiz
- Rock Identifier: Stone ID
Ei stor samling nettsider om naturvitskap som kan brukast i klasserommet, sjå:
- Terrific Websites for Science (på engelsk)
Bilete og videoar
Ved å bruke bilete og videoar kan du få hjelp til å forklare meir om det barna lurer på eller spør om. Eit foto viser den faktiske fuglen og ikkje ei teikning, og då kan du vere meir presis når de set namn på delar av fuglen, fargar osv. Med videoar kan du vise prosessar, rørsler osv. Bilete kan også brukast i spel eller små oppgåver: Kva for fuglar ser vi no? Kan de nemne dei ulike delane av fuglen? Kva et denne fuglen, og kvifor trur de at det er slik? (Sjå nærare på biletet.)
Når barna sjølve tek bilete av eller filmar omgjevnadene, kan det få dei til å sjå miljøet sitt på ein ny måte. Kanskje oppdagar dei ting medan dei tek bilete eller filmar, eller kanskje oppdagar dei noko nytt når dei ser på bileta eller filmane etterpå.