Rolla til læringsmiljøet
Nærmiljøet i barnehagen eller på skulen gjev mange arenaer for leikbasert læring og nysgjerrig utforsking. Dersom de tek dykk litt tid til å utforske naturen og kulturen i nærområdet, vil de finne mange moglegheiter for å lære meir om naturvitskapen der.
Naturlege utemiljø som skogen, fjøra og innsjøen er gode stader for leikbasert læring, sanseopplevingar og nysgjerrig utforsking. Samtidig kan ein også finne verdifulle læringsmiljø innandørs. Det viktige er å finne ut korleis ein kan stimulere utforsking og naturvitskapsbaserte diskusjonar hos barn.
Både i og utanfor byen kan ein finne småkryp på leikeplassen eller i ei grøft rett utanfor gjerdet til leikeplassen. Kanskje har de tilgang til ein park? I meir urbane miljø kan det vere mogleg å studere ei bru, eit damanlegg eller andre typar byggverk. Hus kan endre retning på vinden lokalt, og vindstyrken kan auke eller minke mellom bygningane. I nærmiljøet kan det vere mykje å utforske for å finne kunnskap om bygging og byggjematerialar.
Ta dykk tid til å studere naturen og kulturen i nærmiljøet rundt barnehagen eller skulen. Dette er også ein praktisk og billeg stad å begynne dersom du sjølv ønskjer å lære meir om naturvitskaplege emne, eller om emne som er interessante for di gruppe av barn.