Læringsmiljøet innandørs og utandørs

Når ein skal gjere barn i stand til å gjere betre observasjonar, spelar det fysiske miljøet ei viktig rolle når det gjeld å stimulere til nysgjerrigheit, undring og motivasjon til læring.

Dette miljøet kan vere eit landskap, eit rom eller bestemte materiale. Hugs at barn oppfattar miljøet annleis enn vaksne. Dette gjev stort potensial for å invitere barna til samhandling og dialog. 

Ein annan måte å sjå miljøet på er som affordans (kva miljøet har å by på). Til dømes kan det store lønnetreet vere eit klatretre, det kan gje haustfarga lauv som kan brukast i kunst, og det kan gje frø som ein kan utforske. Dette gjer at miljøet i seg sjølv byr på moglegheiter for at barna kan utforske og lære. Ordet affordans («affordance» på engelsk) kjem frå psykologen James J. Gibson og er definert slik: «Affordansen frå miljøet er det miljøet tilbyr, det det utstyrer levande skapningar med eller stiller til rådvelde, av godt eller gale» (Gibson, 2015, s. 119, vår omsetjing). Rolla til den vaksne kan vere å stimulere barn til å observere miljøet og utforske kva det har å tilby.  

Vi kan bruke miljøet som det er, eller vi kan organisere og dekorere det slik vi ønskjer. Her er litt inspirasjon til ulike miljø frå prosjektet vårt. 

Du kan også lese «utstyr du treng» både til innandørs og utandørs bruk.  

Praktisk oppgåve: Diskuter kva affordansen kan vere på dei ulike bileta nedanfor.