Korleis kan du stimulere til undring og nysgjerrigheit hos barn?

Undring og nysgjerrigheit   

I denne samanhengen vil vi definere undring som å føle seg overraska over noko ein legg merke til, og å få ønske om å vite meir om det. Du føler deg nysgjerrig på noko, og nysgjerrigheit er definert som eit sterkt ønske om å kunne og lære noko, slik at omgrepa undring og nysgjerrigheit er knytte tett saman. 

Korleis og når oppstår det undring?   

Undring kan oppstå når læraren fører barna inn i situasjonar som skaper spørsmål og undring, for så å opne for felles undersøkingsaktivitet (Broström, 2015). Når barna samhandlar med gjenstandar ute i naturen, undrar dei seg ofte over alt mogleg dei kjem over. Same typen situasjonar kan oppstå når dei utforskar naturfaget innandørs eller les ei bok saman med læraren. Nokre gonger tek barna med seg ting dei har funne, som dei vil at læraren skal sjå på og kommentere. Desse situasjonane kan brukast til å starte ein utforskande samtale med barna.   

Ytringar som «Sjå – sjå her, då – oi!» tyder på undring og kan vere eit utgangspunkt for samtalar der undring finn stad. I samtalar med undring er den vaksne og barnet opptekne av det same, og den vaksne byggjer stillas for barnet gjennom samtalen, ved å utvide emnet.  

Undringa til barn ligg svært nær filosofien. Walter Lippman og dei svenske kollegaene Bo Malmhester og Ragnar Ohlsson samanliknar filosofi med situasjonar der barn lærer om verda: I begge tilfella stiller ein spørsmål som «Kvifor?», «Kvifor er det slik?» 

 

«Korleis gjer ein det?»   

Broström hevdar at dei mest meiningsfylte naturvitskaplege aktivitetane med yngre barn kan vekse fram basert på undring og nysgjerrigheit blant barn, og dei spørsmåla barna sjølve stiller. Vi meiner at den vaksne bør byggje stillas for barnet i samtalen ved å utvide emnet og ved å invitere barnet til å uttrykkje kva tankar det har om fenomenet. Barna må vere komfortable med å vere usikre, og vi bør reflektere med barna om kva vi veit, og kva vi ikkje veit, og knyte saman det som er sikkert, med det som ikkje er sikkert (Jirout, 2018).  

Jirout (2020) har peika på nokre spesifikke strategiar for å gjere barn nysgjerrige, som vi meiner er nyttige:  

  1. Oppmod barna om å utforske og «finne ut» ting, og gje dei moglegheiter til det. Legg større vekt på verdien av prosessen enn på resultatet.   
  2. Modeller nysgjerrigheit for barna – la dei sjå at andre har ting som dei ønskjer å lære om.   
  3. Ver eksplisitt når du oppmodar om å stille djupare spørsmål – støtt barna når dei vil stille spørsmål. 
  4. Vis fram naturvitskapen som ein måte å vite på – det handlar om korleis vi veit noko, og kvifor vi trur det.    

Etter kvart som sansane utviklar seg og begynner å gje informasjon om verda, begynner barna å utforske. Dette er eit utgangspunkt for utviklinga av naturvitskapleg tenking. Dei «ferdigheitene» det utgjer å uttrykkje at ein er nysgjerrig, og å stille spørsmål, bør støttast på ein strategisk måte, fordi dei spelar ei grunnleggjande rolle i naturvitskapen.