Utstyr du treng
For å gjere barn nysgjerrige og undrande kan du gje dei ein boks. I boksen kan dei samle insekt eller andre ting dei synest er interessant. Barnet får då moglegheit til å observere og utforske betre, det kan behalde insektet eller gjenstanden lenger, eller det kan finne noko nytt å samle inn.
Utstyr til utandørs bruk
Sjølv om du ikkje har planlagt ei utflukt med eit spesielt emne, kan det vere nyttig å ha med noko utstyr når du tek med barn ut i naturen. Då vil du vere førebudd på å møte det spontane engasjementet deira når dei utforskar. Nokre gonger vil utstyret vere med tilbake ubrukt, men det er heilt OK. Føremålet med utstyret er å gje barna fleire moglegheiter for utforsking.
Utstyr som bør med på alle turar utandørs:
- plastboksar (til dømes is- eller store yoghurtbeger) til å samle ting i
- forstørringsglas/-boks for å studere det dei finn, nærare
- bøker/plakatar/appar for artsbestemming
- kamera/mobiltelefon for å ta bilete
Utflukter med eit planlagt emne
Når du og barna har eit mål eller føremål med turen, må du tenkje gjennom kva utstyr du vil ha med, basert på kva for aktivitetar som er planlagde. Dette kan variere ut frå stad og emne, men her er nokre forslag (bruk også dine idear og din kunnskap om lokalmiljøet):
Skog og mark:
- forstørringsglas
- boksar
- plakatar/bilete som er knytte til det aktuelle habitatet (for å sjå kva de finn denne gongen)
- feltbøker om blomstrar, sopp, insekt, tre osv.
- små bitar med pleksiglas (for å studere rørslene til ein snigel)
- kniv eller sag (for å finne og smake på sevja om våren)
- ulike appar om fuglar, tre og artar generelt
- insektpinsettar
- terrarium
- insektnett
- kikkertar
- aviser (praktisk ved innsamling av planter)
- notisbok/papir og blyant slik at de kan teikne
Stranda/fjøra:
- redningsvest
- boksar/bøtter i ulike storleikar
- plastbrett
- ulike typar utstyr for å fange / samle inn krabbar, reker, fisk og andre skapningar
- bøker og appar som kan hjelpe dykk med å finne ut kva de har funne / ser på (når barna er klare for det)
- forstørringsglas
- mikroskop
- utstyr for å koke eller steikje det som kan etast / smakast på
- vasskikkertar
- termometer
- Hugs å sjekke tidevasstabellen.
Fuglar:
- bøker, plakatar og appar om fuglar
- laminerte plakatar/biletsamlingar for dette habitatet, dersom vi veit kva fuglar vi kan forvente å sjå
- spel med fugleemne (laminerte foto – finn to like fuglar, til dømes)
- appar med fuglelydar/-song (bruk øyra og lytt – prøv å kjenne att ein fugl eller to)
- materiale for å byggje ein fuglekasse
- eit tomt fuglereir (frå i fjor)
- mat til fuglane
- matestasjon
- kikkertar
Viktig! Kor mange barn det er i gruppa, eller kor mange grupper de er, vil også påverke mengda av utstyr de treng.
Det er også viktig å ha på seg rette klede og sko, avhengig av vêret. Det heiter seg jo at det ikkje finst dårleg vêr, berre dårlege klede!
Det kan skje at barna er interesserte i utstyret i seg sjølv, og må utforske det før dei er klare for å bruke det slik det er tenkt. Det er greitt å bruke tid på å gjere det, i staden for at de forhastar dykk med å setje i gang den planlagde aktiviteten. Barna kan også kome til å bruke utstyret på uventa måtar. Det er interessant å sjå korleis barna finn ut korleis det fungerer.
Her finn du relevant informasjon om barn og utstyr:
- Forskerfrø.no: Korleis barn brukar utstyr på tur
Utstyr til eksperiment innandørs
Det er mogleg å planleggje eksperiment saman med barn for å gjere dei nysgjerrige. Her er nokre emne og lister over utstyr som det kan vere greitt å ha tilgang til i barnehagen eller på skulen:
Lys:
|
Lyd:
|
Vatn:
|
Kjemieksperiment:
|
Planting:
|
|
Her finn du relevant informasjon om innandørsutstyr:
- Forskerfrø.no: «Temasider»
Digital utstyr
Dersom de har ei digital tavle i barnehagen eller på skulen der du kan vise bilete de har teke i naturen, kan du bruke tavla til felles refleksjon.
Eit digitalt mikroskop er ein annan type utstyr som kan gjere barna nysgjerrige. La barna utforske på eiga hand utan at du gjev dei instruksjonar.