Prat, samtale og dialog
Det å snakke med nokon blir konseptualisert på ulike måtar. På denne nettsida vil du sjå at vi brukar omgrepa prat, samtale og dialog. Desse orda er delvis synonyme og har dermed overlappande tyding.
Prat er det å snakke, slik kven som helst kan gjere det. På denne nettsida er prat (eller talk på engelsk) ein del av tittelen på prosjektet, SciTalk, eller naturvitskapleg prat i lærarutdanninga. Vi snakkar også om samtalegrep, som er enkelte spesifikke måtar å prate eller samtale på. Prat eller snakking er blant dei vanlegaste orda for det vi driv med – du snakkar truleg om prating i mange samanhengar!
Omgrepet samtale er kanskje ikkje fullt så kvardagsleg. Vi ser på samtalar som meir formell prat. Likevel skildrar enkelte ordbøker samtale som ein uformell prat mellom to eller fleire deltakarar.
Vi brukar også omgrepet dialog. Dette omgrepet har vore gjenstand for omfattande teoretisering og drøfting. Slik sett har det på ein måte blitt eit overgripande omgrep. Dialog er definert som «munnleg utveksling og gjennomtenkt handtering av informasjon, idear og meiningar» (Alexander, 2020, vår omsetjing). Ein samtale er ein slags dialog, så desse eigenskapane ved dialogen gjeld også for samtalen. Dialog og dialogisme blei definert og skildra av den russiske lingvisten Mikhail Bakhtin (Bakhtin, 1986).
Les meir om dialog her
Kjenneteikn ved dialog ifølgje Mikhail Bakhtin
Dialog og dialogisme blei definert og skildra av den russiske lingvisten Mikhail Bakhtin, og omgrepet har vore brukt om både munnleg og skriftleg dialog. Bakhtin meiner at all tale er kommunikativ. Vi ytrar aldri noko utan at det er ei kommunikativ årsak til det – sjølv ikkje når vi snakkar med oss sjølve.
Taleeininga er ytringa, og alle ytringar er einingar i ei kompleks, organisert kjede av ytringar. Kvar ytring, anten ho er kort eller lang, er alltid eit svar på føregåande ytringar. Alle som snakkar, svarar dermed også på same tid. Ytringa er også knytt til påfølgjande ytringar i kommunikasjonen, fordi kvar ytring skjer med ei forventning om eit svar, ein respons. Dette trekket ved ytringa kallar vi adressiviteten hennar. Adressaten vil på si side alltid ha ei aktiv og responsiv haldning. På denne måten vil kvaliteten ved ytringane, måten dei er kjeda saman på og den polyfone (fleirstemmige) eigenskapen ved dialogane utgjere essensen i dialogismen ifølgje Bakhtin.
Det finst fleire metodologiar som gjev råd om korleis ein kan undervise dialogisk, og ein av dei er dialogisk undervisning, slik det er skildra av den britiske linvfisten Robin Alexander.
Les meir om dialogisk undervisning her
Omgrepet dialogisk undervisning blir brukt av mange yrkesutøvarar og forskarar, og det finst ei rekkje forslag til både tolking av omgrepet og bruken av det. Mange av desse forslaga er presenterte i to nylege oversiktsartiklar (sjå Kim og Wilkinson 2019 og Cui og Theo 2020). Ei bok av Robin Alexander frå 2020 inneheld også eit oversiktskapittel med ulike forslag til korleis ein kan undervise dialogisk. Her skal vi kort presentere Robin Alexander sitt eige bidrag om korleis ein skal forstå omgrepet. Han definerer dialogisk undervisning som ei generell pedagogisk tilnærming som dreg nytte av taleevna for å leggje til rette for tenking, læring og forståing hos elevane. Ifølgje Alexander er dialogisk undervisning kjenneteikna av eit sett med repertoar, prinsipp og indikatorar. Repertoaret omfattar tilnærmingar til organisering av samhandling og deltaking i samtale, slik at ein kan bruke ulike typar organisering og ulike typar samtale strategisk for å oppnå kompetansemåla. Prinsippa er at dialogisk undervisning er kollektiv, gjensidig, støttande, kumulativ (ideane byggjer på kvarandre) og formålsretta. Alexander presenterer 61 indikatorar for dialogisk undervisning. Her skal vi nemne tre av dei, som drøfta av Kim og Wilkinson i oversiktsartikkelen deira:
- at spørsmåla frå læraren lokkar fram lengre og gjennomtenkte svar
- at svara frå elevane er bygde på og lokkar fram fleire spørsmål
- at utvekslingar lærar–elev og elev–elev blir kjeda saman til samanhengande undersøkingar
Den dialogiske tilnærminga er først og fremst utvikla for klasseromsundervisning, men meir uformell prat i mindre grupper også ein del av konseptet. Vi legg vekt på spontane kvardagssamtalar med barn i tidleg opplæring, men vi meiner likevel at eigenskapane ved dialogisk undervisning er relevante for vår samanheng.
1 https://www.oxfordlearnersdictionaries.com/definition/english/talk_1?q=talk
2 https://www.oxfordlearnersdictionaries.com/definition/english/conversation?q=conversation
3 Alexander, Robin 2020, A Dialogic Teaching Companion, s. 128.