Finne fram til naturvitskaplege emne og moglege måtar å utforske dei på
Prøv å finne ut korleis miljøet kan invitere barna til å utforske. Ver merksam på den rike tilgangen til naturvitskaplege emne i læringsområde i nærmiljøet og korleis dette kan bidra til leik og læring for barna. Dette handlar om å sjå tilbodet i nærmiljøet.
I denne oppgåva kan du øve opp observasjonsferdigheiter og evna til å sjå potensialet i situasjonar og miljø. Dette kan vere første steg for å finne fram til relevante naturvitskaplege emne som kan vere interessante for di målgruppe. Det andre kan vere å prøve ut måtar å snakke på når du vil svare på interessene til barna, og du kan øve på å snakke om natur og naturvitskap saman med barna innandørs eller utandørs.
Steg 1:
Begynn med å tenkje for deg sjølv i nokre minutt. Tenk på kor mange ting ein kan snakke om og utforske i ein park, på ei strand, ved ei bru over ei elv eller i eit skogområde i nærleiken av der du bur, eller utanfor skulen eller barnehagen. Kanskje vil du begynne med å sjå ut vindauget i ein barnehage i byen.
Steg 2:
Observer miljøet rundt deg, vel eit emne og skriv i to minutt. Skildre relevante observasjonar i miljøet som er knytte til emnet. Diskuter med ein medstudent eller kollega dersom det er mogleg.
Du kan bruke bileta i denne oppgåva og diskutere i gruppa (eller skrive for deg sjølv):
- Finn moglege naturvitskaplege emne (vel eit bilete).
- Kva kan vere interessant å utforske saman med di gruppe av barn (skule/barnehage). (Vel eitt emne, eller nokre få, og ta dei føre deg eitt og eitt.)
- Føreslå eit første steg for dette emnet i ein utforskande aktivitet (knytt til målgruppa).
- Korleis kan du rette medvitet til barnet mot emnet?
- Kva for produktive og inviterande spørsmål kan du stille?
Drøft utforskingsaktivitetar du kan gjere med eit barn, eller ei gruppe barn, basert på arbeidet ditt i steg 1 og 2.
Sjå desse filmane om naturvitskap overalt. Kva for emne kan de utforske? Stopp videoane kvar som helst og lag ei liste over moglege emne på den valde tida og staden.