SEFAL - Senter for fysisk aktiv læring

Saman med ambisiøse skular i heile Norge samskapar vi nye og berekraftige rammer for fysisk aktiv læring der elevane trivst betre og opplev auka motivasjon

SEFAL sitt arbeid

SEFAL ønsker å arbeide med dei skulane i Norge som ønsker å jobbe med oss. Vi er interessert i deg og dine kollegaer som vil jobbe med å utvide og utvikle kompetanse i læringsprosessar der elevane er fysisk aktive. Saman vil vi gjere elevane sin skuledag meir aktiv og auke trivsel og motivasjon på skulen. Her er ei oversikt over våre samarbeidsskular

Skulane vi samarbeider med

  • Vil arbeide med kompetanseheving som kan bidra til meir praktisk retta og variert undervisning  
  • Ønsker å utvide nettverket sitt og utvikle god delingskultur internt og eksternt 
  • Vil styrke elevane sin trivsel og auke motivasjonen for læring 
  • Vil at elevane skal få bevege seg meir

 

Å ivareta barna sine behov for rørsle er utruleg viktig. Derfor er det så fint å sjå at eg treff fleire elevar når undervisninga blir variert på denne måten

Bente Sørgjerd, Kvernevik skole

Bente Sørgjerd er spesialpedagog og jobbar ved Kvernevik skole i Stavanger. Ho gjennomførte vidareutdanninga i fysisk aktiv læring skuleåret 2019-2020.

Interessert i å høyre meir om SEFAL? 

Send oss ein epost på SEFAL@HVL.no