Senter for omsorgsforskning, vest

Vi forskar på vilkår og utvikling av velferdstenester, med fokus på den kommunale helse- og omsorgsektoren. Forskinga vår gir kunnskap om og for tenestene i eit samanliknande perspektiv, både lokalt og internasjonalt. Vi er eit tverrfagleg forskingssenter, med særleg kompetanse på samfunnsvitskapeleg tilnærming.

Våre forskingssatsingar:

Samanlignande tenesteforskning 

Samanlignande tenesteforsking studerer velferdsstaten sine tenester i eit komparativtog tverrfagleg perspektiv. Materielle, økonomiske, organisatoriske, politiske og kulturelle forhold og konsekvensar blir studert på tvers av kommunar, sektorar og landegrenser.

Innovasjon i offentleg sektor

Innovasjon i offentleg sektor har eit tverrfagleg og tverrsektorielt siktemål, og søkelys på korleis nye eller endra praksiser blir skapt, institusjonalisert, spredt, omforma eller avvist. 

Filosofi og grunnlagstekning

Korleis trer omsorg fram og korleis blir den erfart? Kva rammevilkår og spillerom får omsorg inna pleie- og omsorgsinstitusjonane i dag?

sofv-banner.jpg

Aktuelt

Ledig postdoktor og to stipendiatstillingar

Vi er på jakt etter ein postdoktor og to stipendiatar ved Senter for omsorgsforskning, vest. Stillingane er knytt forskingsprosjektet «From knowledge to action", som set søkelys på pasientovergang knytt til akuttmedisinske tenester for sjukeheimsbebuarar. Frist: 30. mai 2021.

Korleis gje omsorg med usikker arbeidskraft?

Førsteamanuensis Anette Fagertun har skrive eit kapittel om arbeid og relasjonar i den kommunale helse og omsorgssektoren, i boka "Absorbing care through precarious labour". Her kan du lese meir.

Mat er meir enn rett ernæring

Podkastserien "Mat og måltid blant eldre" handlar om korleis kommunar kan jobbe for å skape gode måltidsopplevingar og hindre underernæring blant eldre, No kan du høyre dei to første episodane.

Nyheitsarkiv

Følg oss på Facebook