Digital innlevering av papireksamen
Skuleeksamenar som blir skrive på papir skal leverast digitalt i WISEflow
I nokre emne er det ønskeleg å la studentane skrive på papir, t.d. i realfag med mange utrekningar. For å sikre at sensorane får rask og sikker tilgang til besvarelsane skal studenten laste den opp digitalt. Dersom dette gjeld ditt emne vil du får informasjon om dette i Studentweb og på epost før eksamen.
- Du må ha med mobiltelefon eller eventuelt PC til eksamenslokalet.
- Mobiltelefonen skal vere lagt bort på tilvist stad i ordinær eksamenstid.
- Når eksamen er ferdig skannar du arka, lagar PDF av oppgåva og lastar den opp i WISEflow via mobiltelefon eller PC.
- Du kan bruke den skanneappen du likar best. T.d. MS Office Lens eller notater på Iphone.
- Heile arket skal skannast inn, i rett rekkjefølge og rett veg.
- Kandidatnummer og sidetal skal vere synleg på kvar side.
- Oppgåva skal leverast i ei samla PDF-fil.
- Du får tid til å laste opp etter ordinær eksamenstid dersom det er behov for det.
- Du må få eit passord frå eksamensvakt i lokalet for å levere inn.
- Papirsvara blir også samla inn og er tilgjengeleg for intern sensor ved behov.