Digital innlevering av papireksamen

Skuleeksamenar som blir skrive på papir skal leverast digitalt i WISEflow

I nokre emne er det ønskeleg å la studentane skrive på papir, t.d. i realfag med mange utrekningar. For å sikre at sensorane får rask og sikker tilgang til besvarelsane skal studenten laste den opp digitalt. Dersom dette gjeld ditt emne vil du får informasjon om dette i Studentweb og på epost før eksamen.

  • Du må ha med mobiltelefon eller eventuelt PC til eksamenslokalet.
  • Mobiltelefonen skal vere lagt bort på tilvist stad i ordinær eksamenstid. 
  • Når eksamen er ferdig skannar du arka, lagar PDF av oppgåva og lastar den opp i WISEflow via mobiltelefon eller PC.
  • Du kan bruke den skanneappen du likar best.  T.d. MS Office LensSimple ScanCamScannerGenius ScanTinyScannerFast Scanner,  Smart Doc Scanner eller notater på Iphone
  • Heile arket skal skannast inn, i rett rekkjefølge og rett veg.
  • Kandidatnummer og sidetal skal vere synleg på kvar side.
  • Oppgåva skal leverast i ei samla PDF-fil.
  • Du får tid til å laste opp etter ordinær eksamenstid dersom det er behov for det.
  • Du må få eit passord frå eksamensvakt i lokalet for å levere inn.
  • Papirsvara blir også samla inn og er tilgjengeleg for intern sensor ved behov.