Obligatoriske læringsaktivitetar

I nokre emne må du få obligatoriske læringsaktivitetar (OLA) godkjende for å kunne ta eksamen. Kva læringsaktivitet som gjeld i ditt emne, finn du under overskrifta obligatorisk læringsaktivitet i emneplanen for emnet på hvl.no. Nokre emne har krav til obligatorisk deltaking i undervisning.

Det er faglærar som godkjenner eller ikkje godkjenner dei obligatoriske læringsaktivitetane.

Om obligatorisk læringsaktivitet er godkjent vil du sjå det på Studentweb under resultat. Dersom du manglar resultat, eller treng fleire forsøk, må du kontakte faglærar eller sjå informasjon i Canvas.

Dersom obligatorisk læringsaktivetet ikkje blir godkjent

Dersom du får læringsaktivitetane vurdert til ikkje godkjent, vert du trekt frå eksamen. Du må då ta emnet på nytt neste gong det går ordinært med undervisning og då ta læringsaktivitetar på nytt. Du kan ikkje melde deg til ny eksamen (kontinuasjonseksamen) i eit emne dersom du ikkje har godkjent læringsaktivitet i den emnekoden.

Gyldigheit på obligatoriske læringsaktivitetar

Nokre emne har avgrensa gyldigheit på obligatoriske læringsaktivitetar. Dersom det går for lang tid frå du tek dei til eksamen skal vere, kan det vere du må ta dei på nytt. Informasjon om lengde på læringsaktivitetane finn du i emneplanen. Dersom det ikkje står noko om kor lenge dei er gyldige, er dei gyldige for alltid, med forbehold om endringar i emne, vurderingsform eller type læringsaktivitet. Merk at det er emneplanen for det studieåret du fekk læringsaktivitetane godkjent som gjeld. 

Obligatorisk deltaking

Krav om deltaking i obligatorisk undervisning framgår av emneplanen din. Det er krav om 80% deltaking i obligatorisk undervisning dersom emneplanen ikkje seier noko anna.

I timeplanen for emnet er det markert kva for undervisningstimar som er obligatoriske.

Konsekvens av for høgt fråvær i undervisning

Studenter som ikkje oppfyller krava til fagleg deltaking i obligatorisk undervisning og overskrid fråværsgrensa, mistar tilgangen til å ta eksamen i emnet.

Informasjon om obligatoriske læringsaktivitetar i forskrift om studium og eksamen

Særskild informasjon om fråvær i praksisstudium i forskrift om studium og eksamen og meir om krav til oppmøte i praksis på praksisnettsida.