STEAMING into the future
STEAMING into the future er eit tverrfagleg og praktisk skulerelevant emne med fokus på naturvitskap og kunstfag (musikk, drama, kunst og handverk).
STEAM handlar om å arbeide tverrfagleg for å nå læringsmål innan for dei fem områda naturvitskap, teknologi, ingeniørfag, kunst og matematikk og er høgst relevant i skulen.
Gjennom den kreative, utforskande og skapande STEAM-metodikken er siktemålet å gi deg kompetanse som er relevant for arbeid med ulike fag i skulen.
Estetiske læreprosessar
Ved å jobbe meir tverrfagleg og utforskande for å nå læringsmål, og gjennom bruk av estetiske læreprosessar, vil ein kunne gi barn og unge ein meir variert kvardag og læringsarena som kan stimulere til meir motivasjon for læring. Animasjon, Storymaps og Global Science Opera er noko av det du vil lære meir om i dette emne.
LK20, føreset eit skapande og utforskande læringsmiljø i skulen samstundes som det er eit auka fokus på tverrfagelegheit, samarbeid, kreativitet og nyskaping. Dette krev ei endring i lærarrolla, noko som arbeid med STEAM gir god støtte og trening i og innhaldet i desse emna er tett knytt opp til rolla som undervisar i grunnskulen.
Tverrfaglege læringsprosessar
Studiet vil i hovudsak bygge på erfaringane frå to forskingsprosjekt: GSO og SENSE.Roadmap. Begge prosjekta utviklar, og nyttar, strategiar og innsikt i korleis tverrfaglege læringsprosessar kan formast og gjennomførast for å skape langvarig innverknad elevane si læring. Prosjekta bygger på berekraft og digitalisering, deltaking og sosial inkludering, med kreativitet i sentrum.
Emne er organisert som ein Vestlandsklasse med nettundervisning og fysiske samlingar på campus. Deler av undervisninga vil vere på engelsk og ein vil samarbeide med, og møte STEAM-entreprenørar frå heile verda.
Les meir om STEAMING into the future på heimesida deira.