Undervisning til undervisningrom/møterom med Zoom

Her finn du oppskrifta på korleis du kan starte Zoom frå eit undervisingsrom til eit anna.

Frå undervisningsrom til undervisningsrom

Zoom frå undervisningsrom til undervisningsrom

Du finn video av framgangsmåten under alle stega.

Steg for steg for undervisning med zoom. Dette er ei oppskrift på korleis du skal starta Zoom frå eit undervisingsrom til eit anna.

Steg 1

Logg på PC og Zoom i rommet du skal forelesa. Trykk på «meetings» øvst i Zoom. Trykk så på «edit» og sett eit 4-sifret passord til møterommet etterfulgt av «save»-knappen.

Steg 2

Trykk «Copy Invitation». Då vil invitasjonen til møtet bli kopiert. Lim så inn invitasjonen i ein e-post til deg sjølv.

Steg 3

Gå inn i rommet du skal senda video til. Logg på PCen og opne Outlook og finn e-posten du nettopp sende. I e-posten trykker du på denne:
Døme:

Join Zoom Meeting

https://hvl.zoom.us/j/9241972132

Steg 4

Etter du opnar lenka i invitasjonen vil det komma ein dialogboks, som du skal kryssa ut.
Då vil du få moglegheit å opna lenka som heiter «join from your browser» Trykk på den.
Godta alle tilgangar nettlesar treng for å opna vindauget.

Steg 5

Start Zoom møtet fra PCen du skal undervise fra. dette blir gjort fra fanen i zoom «meetings» etterfulgt av knappen «Start».


Video:

 

 

Ringe med Cisco-utstyr

Eksempel: 

Du skal ha møte mellom Sogndal, Stord og Bergen, romma som skal nyttes er HB1091, UND111, og A615, du velje 1 av romma, for eksempel A615, finner info om rommet, og sender ut til de som skal vere med.

I alle 3 romma, trykker du «ring», går til favoritter, finner A615 i mappa «Bergen», og ringer opp rommet.

De som skal vere med utan videokonferanse rom, trykker på linken til rommet, og blir med via zoom klienten sin, eller trykker «join» og skriver inn møte id, og passord i zoom klienten.

Ringe inn til eit zoom møte med zoom id og passord

Trykk «Ring», gå til «favoritter», og ring til kontakta «Zoom Møte(Id/Passord)»

Bruk «tastatur» på touch panel for å skrive inn zoom møte id#, og passord#

NB: Møter må ha tall som passord, du kan ikkje skrive inn bokstaver!

Frå videosystem til videosystem/undervisningrom