IT-reglement
Dette reglementet gjeld for studentar og tilsette ved HVL, og andre som brukar HVL sine IT-anlegg.
Mål
IT-reglementet skal bidra til
- IT- og informasjonstryggleik
- at du som brukar av høgskulen sine system og tenester veit kva reglar du har å halde deg til
- å fremje god kultur i bruk og forvaltning av HVL sine IT-system og -tenester
Virkeområde
IT-reglementet gjeld for studentar og tilsette ved HVL, og alle andre som nyttar
høgskulen sine IT-anlegg.
Med IT-anlegg meiner vi maskiner, sluttbrukarutstyr, mobile einingar, nettverk, program, data og anna som HVL stiller til disposisjon. IT-reglementet gjeld også for privat utstyr som inneheld eller har tilgang til HVL sine data. Reglementet kjem i tillegg til norsk lov og andre nasjonale lover, reglar og forskrifter som er relevante.
Retningslinjer for akseptabel bruk
Som brukar skal du
- følgje system- eller tenesteeigar sine retningslinjer for bruk av IT-anlegg eller programvare
- følgje retningslinjer for behandling av personopplysingar og handtering av opplysningar som er underlagt teieplikt eller unntatt offentlegheit
- følgje retningslinjer for ivaretaking av IT- og informasjonstryggleiken
- følgje retningslinjer og pålegg gitt av IT-tenesta
- halde personlege passord, pinkodar med meir hemmeleg, og ikkje gi andre tilgang til personlege brukarområde
- hindre at uvedkomande får tilgang til IT-anlegg, programvare eller opplysningar
- rapportere avvik og tryggleiksbrot, for eksempel tjuveri, skade eller ikkje autorisert tilgang til IT-anlegg, programvare eller opplysningar
- ivareta eige ansvar for å hente ut private data/opplysningar innanfor gitte tidsfristar ved opphøyr av tilsettings-, student- eller brukarforhold
- utøve ekstra varsemd i bruk av ukjente lagringsmedium og ved opning av e-post
- levere tilbake HVL sitt utstyr, programvare og data når tilsettings-, student- eller brukarforhold tar slutt
- fjerne e-post og filer frå personlege brukarområde når tilsettings-, student- eller brukarforhold tar slutt
- rapportere brot på IT-reglementet
Som brukar skal du ikkje
- prøve å skaffe deg tilgang til IT-anlegg, programvare eller opplysningar utan godkjenning
- gjere noko som endrar funksjonen, skadar kapasiteten eller tryggleiken i IT-anlegga utan godkjenning
- bruke IT-anlegg eller programvare til kommersielle formål utan godkjenning
- bruke IT-anlegg til formidling av krenkande eller ulovlege ytringar/materiale
- bruke IT-anlegg til formidling av eigne ytringar i HVL sitt namn, eller framstille eigne meiningar på måtar som gjer at dei kan bli forveksla med offisiell uttale/informasjon
- bruke IT-anlegg til krenkingar av immaterielle rettar, til dømes ved å gjere materiale som er verna ved rett tilgjengeleg for andre, eller ved å kopiere dette
- installere eller bruke programvare i strid med lisensreglar
- installere, spreie eller bruke programvare som kan gjere skade eller vere til ulempe
- laste ned eller installere programvare på HVL sine IT-anlegg utan godkjenning
- kartlegge eller prøve å utnytte manglar i tryggleiken utan godkjenning
Etiske retningslinjer for statstenesta skal følgjast ved bruk av HVL sine
IT-system og -tenester.
Krav til kunnskap
Som brukar av HVL sine IT-anlegg pliktar du å halde deg informert om gjeldande IT-reglement og eventuelle utfyllande retningslinjer. Du pliktar også å sette deg inn i brukarrettleiingar, dokumentasjon og andre retningslinjer og pålegg som blir gitt av IT-tenesta ved HVL.
Lagring av data ved HVL
Trykk her for utfyllandes informasjon om
Kontroll
Som brukar av HVL sine IT-anlegg må du merke deg at bruken av IT-anlegg kan bli logga/overvaka. Dette blir gjort når det er nødvendig for å ivareta den daglege drifta eller andre interesser ved HVL.
Innsyn i loggar, e-post og personlege brukarområde i IT-anlegg du disponerer, blir nytta når det er grunn til mistanke om at bruken av IT-anlegg medfører brot på HVL sine reglar, pliktar og ansvar (jf. Personopplysningsforskrifta, kap. 9).
Etter at tilsettings-, student- eller brukarforholdet ditt tar slutt, kan data du ikkje har fjerna bli sletta.
Sanksjonar
Brot på dette IT-reglementet kan føre til at du blir nekta tilgang til heile eller delar av høgskulen sine IT-anlegg for kortare eller lengre tid.
I tillegg kan brot på reglementet føre til sanksjonar etter andre reglar, så som disiplinærreaksjonar etter tenestemannslovgivinga, åtvaring eller utestenging frå studium og eksamen etter Universitets- og høgskulelova, erstatningsansvar, straffeansvar og anna jf. lov om statens ansatte (kap. 3) og lov om behandling av personopplysninger (kap. 8).
Avslutning av konto
Brukarkontoen din blir sperra 90 dagar etter fullført studieløp, eller etter at du av andre grunnar avsluttar studiet. Du er ansvarleg for å kopiere ut data du vil ta vare på før studiet er avslutta og kontoen blir deaktivert.
Dersom du ønskjer å halde fram å bruke Office 365 og MS Office programvare som du har hatt tilgang til som student ved HVL, må du teikne eit nytt abonnement hos Microsoft.
Etter du har teikna ny lisens på din private microsoftkonto kan du finne brukerveiledning for å overføre filene dine direkte til din private microsoftkonto under her: