Utskrift
HVL sitt system for kopiering, skanning og utskrift av dokument for studentar og tilsette er basert på studentkort eller tilsettkort og kortlesarar på kvar skrivar.
Nye studentar og tilsette som ikkje har kort, kan logge seg på skrivarane ved å skrive inn brukarnamn og passord direkte på skrivaren. Brukarnamnet for studentar er studentnummer.
Når kortet er aktivert brukar ein det for å logge seg på ved å føre det over kortlesaren på skrivaren.
Viktig informasjon til studentar om utskriftskontoen din ved HVL
Alle studentar får tildelt 100 kr på utskriftskontoen sin når dei begynner studia sine ved HVL for første gong. Dette beløpet kan brukast til å skrive ut på skrivarane våre, og gir deg ein god start på studietida. Merk at denne tildelinga berre blir gitt éin gong. Dersom du avsluttar studiet og startar på eit nytt studium seinare, vil du ikkje motta nye midlar til utskriftskontoen.
Hugs:
- Beløpet på 100 kr blir berre tildelt ved første registrering som student ved HVL.
- Det er ingen samanheng mellom kopi- og læremiddelavgifta og din personlege utskriftskonto.
- Ubrukte midlar på utskriftskontoen blir ikkje refundert, og kontoen blir sperra når du fullfører studiet ditt.
Korleis aktivere kortet
- Før kortet over kortlesaren
- Du vil få ei melding som seier «Unknown User», etterfølgt av meldinga «Login to register card».
- Klikk på «Username» og skriv inn brukarnamnet ditt. Dette er studentnummeret eller tilsettbrukarnamnet ditt.
- Klikk på «Password» og skriv inn passordet ditt.
- Klikk deretter på «OK».
Fyll på utskriftskontoen (berre for studentar)
NB: Det er ingen samanheng mellom kopi- og læremiddelavgifta og den personlege utskriftskontoen din ved HVL.
Gå til Myprint.hvl.no og logg inn med brukarnamn (studentnummer) og passord. Eit påloggingsbilete vil opnast. Klikk på knappen "Purchase credit" for å fylle på kreditt.
OBS: Sørg for å bruke opp pengane på kortet før du er ferdig med studiet. Det er dessverre ikkje mogleg å få refundert uteståande beløp. Kontoen blir sperra når du har fullført studiet ved HVL.
Korleis bruke skrivarane
Før du skriv ut eller kopierer, sjekk at det er papir i skrivaren. Dersom skrivar er tom for papir, vil utskriftene bli skrive ut når skrivar blir fylt opp med papir.
Utskrift frå trådlaust nett
Gå til Myprint.hvl.no for å skrive ut via web, e-post eller drivar (det fungerer frå dei fleste einingar; Android, iPhone, nettbrett, PC, Mac m.m.). Logg inn med brukarnamn og passord.
Ved utskrift frå nokre mobiltelefonar og nettbrett kan «email print» vere den beste løysinga. Lenka er tilgjengeleg når du er tilkopla det trådlause nettet «Eduroam» på HVL.
Kopiering
- Gå til ein multifunksjonsskrivar med kortlesar.
- Bruk kortet ditt for å logge på skrivaren. Ved førstegongs bruk, eller dersom du har fått nytt kort, må du i tillegg logge inn med brukarnamn og passord (sjå korleis du aktiverer kortet ditt over).
- Trykk på knappen «Kopi».
- Legg dokumentet du vil kopiere på glasplata eller i mataren på toppen av skrivaren.
- Vel innstillingane du ønskjer for kopieringa.
- Start kopieringa.
Skanning
- Gå til ein multifunksjonsskrivar med kortlesar.
- Bruk kortet ditt for å logge på skrivaren. Ved førstegongs bruk, eller dersom du har fått nytt kort, må du i tillegg logge inn med brukarnamn og passord (sjå korleis du aktiverer kortet ditt over).
- Trykk på knappen «E-post».
- Legg dokumentet du vil skanne på glasplata eller i mataren på toppen av skrivaren.
- Vel innstillingane du ønskjer for skanning, og skriv inn HVL-e-postadressa di.
- Start skanninga, og dokumentet blir sendt til e-postadressa di.
Logge av
Trykk på logg-av-knappen i displayet, eller hald kortet ditt mot kortlesaren ein gong til. Dersom du gløymer å logge deg av, vil du bli logga av automatisk etter cirka eitt minutt.
Prisar for utskrift
-
A4 svart, enkeltsidig: 0,75 kr
-
A4 svart, tosidig: 1,12 kr (0,56 kr per side)
-
A4 farge, enkeltsidig: 1,50 kr
-
A4 farge, tosidig: 2,26 kr (1,13 kr per side)
-
A3 svart, enkeltsidig: 1,50 kr
-
A3 svart, tosidig: 2,26 kr (1,13 kr per side)
-
A3 farge, enkeltsidig: 3,00 kr
-
A3 farge, tosidig: 5,50 kr
Brukarstøtte
Dersom du får problem, er Servicetorget eller IT-hjelpen klar til å svare på spørsmål.
Studentar og tilsette i Førde
Kontakt oss gjerne fysisk i Servicetorget sjå kart her.
Kontakt oss på IT-hjelp på e-post it-hjelp@hvl.no eller telefon 55 58 58 88
Visst det er tomt for papir eller tonar i ein skrivar kontakt oss gjerne på it-hjelp@hvl.no
Studentar på Stord og i Haugesund
Kontakt IT-hjelpen på din campus.
Tilsette på Stord og i Haugesund
Kontakt IT-hjelp på e-post it-hjelp@hvl.no eller telefon 55 58 58 88
Studentar og tilsette i Sogndal
Studentar i Bergen:
Kontakt IT-hjelpa eller Servicetorget.
Visst det er tomt for papir eller tonar eller det er papirstopp i ein skrivar kontakt:
Driftssentralen Bergen
Tlf: 480 66 868
Epost: driftssentralen.hib@hvl.no
Tilsette i Bergen
Kontakt oss på IT-hjelp på e-post it-hjelp@hvl.no eller telefon 55 58 58 88
Visst det er tomt for papir eller tonar eller det er papirstopp i ein skrivar kontakt:
Driftssentralen Bergen
Tlf: 480 66 868
Epost: driftssentralen.hib@hvl.no